På tide å klargjere for kvardag igjen. Lag müsli i helga og start dagen på ein sunn og god måte neste veke. Eg fann tranebærjuice på butikken og tenkte at det kunne vere ein fin variasjon, og det vart det! (Den stod saman med safta og den langtidshaldbare juicen om du og vil prøve)
Du treng:
- 200g havregryn
- 50g linfrø
- 50g sesamfrø
- 50g solsikkekjerner
- 50g graskarkjerner
- 50g hakka valnøtter
- 50g hakka mandlar
- 50g hakka tørka aprikos
- 50g tranebær (eller 50g rosiner)
- 1,5-2dl tranebærjuice (eller eplejuice)
- 2ss rapsolje
- 2 klyper salt
Slik gjer du:
- Rør alt saman, ha i nok juice til at alt blir fuktig.
- Spre det utover på to bakepapir.
- Steik i omn på 110gr varmluft i ca 1 time, til blandinga er sprø. Rør i blandinga nokre gongar undervegs.
- Avkjøl og oppbevar på glas.
Server med cultura og gjerne frisk frukt eller bær:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.