Panna cotta:
- 3dl kremfløyte
- 1 vaniljestang (eller 2ts vaniljesukker)
- 2 plater gelatin
- safta frå ½ sitron
- 4ss sukker.
Bringebærsaus:
- 1 korg ferske (eller 1 pakke frosne) bringebær
- 1dl sukker
- 0,5-1dl vatn
Slik gjer du:
- Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn.
- Ha 2,5dl kremfløyte og sukkeret i ei kasserolle. Splitt vaniljestanga og ha den i. La det trekke på middels varme nokre minutt, men utan å koke. Ta kasserolla vekk frå varmen, ta ut vaniljestanga og tilsett sitronsaft. Knip vatnet ut av gelatinplatene og rør i desse. Hell over i eit litermål eller liknande for å avkjøle.
- Pisk 0,5dl kremfløyte og bland denne kremen inn i det andre før det har stivna. Fyll opp i serveringsglas og sett i kjøleskap (gjerne over natta).
Bringebærsausen lagar du rett før servering:
- Plukk ut 2-3 bær til pynt og legg i kvart glas.
- Ha resten av bæra i ei kasserolle saman med sukker og vatn. Rør og mos bæra godt medan dei kokar i 2-3 min.
- Bruk ei sil for å få saus utan steinar eller hell den rett over i glasa og server den som den er.
Nydeleg avslutning på eit godt måltid!
Denne oppskrifta held til 4-5 personar og er inspirert av kokeboka Hellstrøm jr.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.