
Heimelaga potetsalat

Til ei middels stor skål treng du:
- 10-12 poteter
- 1 beger rømme
- 1 pk majones
- 2-3 vårløk
- 3-4 skiver sylteagurk
- litt sitronsaft
- salt og peppar
- 3-4 ss cultura (el anna surmjølk)/ kan sløyfast
Slik gjer du:
- Skrell potetene og kok dei i lettsalta vatn til dei er møre.
- Hell av vatnet og la dei dampe seg tørre i panna eit minutt eller to.
- Avkjøl før du deler dei i terningar.
- Bland inn cultura.
- Hakk sylteagurk og vårløk, bland med rømme og majones.
- Smak til med salt, peppar og sitronsaft.
- Vend tilslutt inn potetene og ha over i serveringskål.
- La salaten stå å godgjere seg nokre timar før servering.
Velbekomme:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.