Julemanna
Julemanna eller kvite kakemenn som oppskrifta heiter hjå Trines matblogg er nydelege julebakst. Og denne oppskrifta har blitt brukt her i heimen for fjerde år på rad i år!
Frå min barndom hugsar eg at å bake julemanna var eit svare strev…deiga oppførte seg aldri slik vi ville, medan pepparkakebaking var ei fryd. Etter å ha oppdaga denne oppskrifta som du no les har pepperkakene fått ein hard konkurrent og eg kan varmt anbefale den vidare!
Till fire brett treng du:
- 600 g kveitemjøl
- 375 g sukker
- 125 g smør
- 2 ts hornsalt
- 2,5 dl vatn
Slik gjer du:
- Bland mjøl og sukker.
- Smelt smøret og ha i hornsaltet. La det frese og boble litt før du har det i bakebollen og tilset vatnet.
- Elt deiga saman i nokre minutt i kjøkkenmaskin eller for hand. Dekk med plast og legg i kjøleskap til neste dag.
- Bruk godt med mjøl ved utbaking.
- Steik på 200 grader i 7-8 min, til dei er gyldne i kanten.
- Avkjøl på rist før du legg dei i kakeboksen:)
PS. Denne oppskrifta gir «berre» 4 brett og kan difor med fordel dobblast om du har tenkt at dei skal vare heilt fram til jul. (Vår boks er allereie tom…..!) Men hornsaltmengden treng du ikkje doble!;)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.