
Krokan-is

Vaniljeis:
- 4 dl h-mjølk
- 4 dl kremfløyte
- 6 eggeplommar
- 300 g sukker
- 1 vaniljestang
Krokan:
- 1,5 dl sukker
- 1 ss smør
- 1 dl mandlar
Splitt vaniljestanga og ha den i ei panne saman med mjølk og fløyte. Varm opp til det ryk, men ikkje kok. Avkjøl litt.
Pisk sukker og eggeplommar, hell den lunka mjølkeblandinga forsiktig i (gjennom ei sil slik at du får ut vaniljestanga) og bland godt. Avkjøl heilt.
Krokan: smelt smør og sukker på middels varme til det blir karamell. Ha i mandlane og bland dei godt i. Hell over på bakepapir, avkjøl, hakk opp.
Bland i krokanen før du har isen i ismaskin. Har du ikkje ismaskin set du den i frysaren og rører kraftig kvar halvtime for å unngå iskrystallar.
Heimelaga krokanis klar for nyting:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.