Sjokolademoussekake

Sjokolademoussekake har deilig mjuk sjokolademousse på toppen av ein deilig mandelbotn. Dette er søt og god kake som passar perfekt for deg som likar sjokolade. Toppar du kaka med friske bær eller serverer med ein bærsaus til, blir det nydeleg. Friskheita frå bæra er perfekt kombo saman med denne søte kaka.

sjokolademoussekake sjokolade mousse kake Mandelbotnen kan du gjerne lage klar lang tid i i førevegen, og oppbevare i frysaren om det er lenge til kaka skal gjerast klar. Sjokolademoussen treng ca 3 timar i kjøleskap før den stivnar, og kan gjerne stå over natta. Har du botnen klar er det fort gjort å vispe og mikse saman sjokolademousse og toppe kaka med ein kveld. Då er kaka klar til pynting dagen etter.

sjokoladekake med jordbær

Sjokolademoussekake

Ei liknande kake, men med bringebærkrem i staden for sjokolade, finn du her.

morsdagskakeverdens beste morsdagskake

Oppskrift på Sjokolademoussekake

24 cm kake / 10-12 porsjonar / Tid: 1 t 30 min + avkjøling

Mandelbotn

  • 250 g mandlar
  • 200 g melis
  • 4 eggekviter

Sjokolademousse

  • 3 ss god kaffi
  • 0,5 dl mjølk
  • 200 g mørk sjokolade
  • 200 g smør
  • 200 g melis
  • 4 eggeplommer

Pynt

  • Friske jordbær
  1. Lag mandelbotnen først: set omnen på 180 grader over- og undervarme. Mal mandlane og bland med melis. Visp eggehvitene stive og vend inn i mandelblandinga. Ha over i ei rund form på 24 cm. Steik på nederste rille i ca 30 minutt. Avkjøl botnen, i forma, på ei rist.

  2. Sjokolademousse: smelt sjokolade over vassbad. Rør inn kaffi og mjølk. I ein annan bolle rører du mjukt smør og melis kvitt, gjerne i ei kjøkkenmaskin. Pass på at du får vekk alle klumpar. Rør inn ei eggeplomme i gongen og bland tilslutt inn sjokoladeblandinga.

  3. Fordel sjokolademoussen over mandelbotnen og bruk ein slikkepott til å lage jamn topp eller fint mønster. Set kaka i kjøleskap i 3 timar. Pynt med friske bær og servér med god kaffi til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.