Glutenfrie sjokoladekjeks

Glutenfrie sjokoladekjeks er seige, gode og med store sjokoladebitar midt i. Perfekt! Med karamellsmaken frå brunt sukker eller kokosblomstsukker blir desse kjeksa ekstra gode. Kokosblomstsukker finn du på helsekost, og det kan du bruke som vanleg sukker. Mindre raffinert, bedre for deg. Då kan ein vel ete eit ekstra kjeks?;)

glutenfrie sjokoladekjeks

Glutenfrie sjokoladekjeks

I oppskrifta står det glutenfri lys mix, her funkar alle ferdigmiksar av typen ein brukar til kake. Dei er litt ulikt samansett, men har gode bakeeigenskapar alle saman. Kjeksa skal verken heve eller noko anna spesielt, og då er det ikkje så nøye kva for ein miks du brukar.

glutenfrie sjokoladekjeks

Oppskrift på Glutenfrie sjokoladekjeks

24 porsjonar / Tid: 45 min

  • 100 g smør
  • 50 g sukker
  • 100 g brunt sukker/kokosblomstsukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 egg
  • 180 g glutenfri lys mix
  • 200 g mørk sjokolade
  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme.

  2. Rør smør og sukker kvitt i ei kjøkkenmaskin.

  3. Rør inn egget.

  4. Rør inn vaniljesukker og mjølet.

  5. Grovhakk sjokoladen og vend inn.

  6. Rull saman deiga til ei pølse og del i 24 delar, trill til kuler og sett på to bakepapirkledde steikebrett.

  7. Steik kjeksa i 8-10 minutt, avkjøl kjeksa på brettet.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.