Reklame

Makaronisalat

Makaronisalat er fin å servere som den er eller som tilbehør til grillmat eller på eit koldtbord saman med andre rettar. Salaten er mild og god på smak og høver difor godt saman med andre typar mat. I tillegg til at den er allsidig i bruk er den rask og enkel å røre saman,  og krev lite kjøkkenutstyr.

makaronisalatSkal du ta med makaronisalaten til eit selskap kan du godt lage den klar dagen før og oppbevare den i tett boks i kjøleskapet. For at salaten skal sjå freshast ut ved servering anbefalar eg at du tek den over i serveringsskål rett før du reiser og pyntar med egg, salt og pepar på toppen då. Det er jo alltid kjekkast å setje ein flott salat på bordet. Det same gjeld måten du blandar saman alt på. I oppskrifta under finn du tips om korleis du får ein mest mogleg fargerik salat.

makaronisalat
Har du ikkje makaroni for hand kan du gjerne nytte pasta penne eller pastaskruar i staden. Det funkar på same måten. Vil du ha litt krønsj kan du strø hakka nøtter på toppen, eller servere i ei lita skål ved sidan av. Synest du salaten blei for mild eller tam i smaken kan du gjerne tilsetje ei halv teskei chilipulver i dressingen. Det gir ein ekstra piff. Håper salaten fell i smak!

makaronisalat

Oppskrift på Makaronisalat

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 1,5 dl Helios økologisk majones
  • 1,5 dl lettrømme
  • 1 ts honning
  • 1 ss sitronsaft
  • 3-4 skiver sylteagurk
  • 1 ts paprikapulver
  • salt og pepar
  • 250 g makaroni
  • 3-4 vårløk
  • 1 raud paprika
  • 100 g Helios økologisk mais
  • 3-4 egg
  1. Kok makaroni til den er kokt men framleis har litt tyggemotstand. Skyl makaronien i kaldt vatn gjennom eit dørslag og set til side.

  2. Hardkok egga og kjøl dei så ned i kaldt vatn. Skrell dei og del i fire eller åtte bitar.

  3. Rør saman majones, lettrømme, honning, paprikapulver, sitron og finhakka sylteagurk.

  4. Vend makaronien inn i dressingen og bland så inn mais, paprika og vårløk i små bitar. Du treng ikkje blande dei heilt inn, då beheld dei fargen sin, så ser salaten litt meir fargerik ut på bordet.

  5. Legg egga over og krydre raust med salt og pepar igjen.

  6. Servér salaten som den er med godt brød til, eller som tilhøyr til grillmat eller på eit koldtbord. Velbekomme!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.