Reklame

Jordbærsmoothie med blåbær

Jordbærsmoothie med blåbær smakar som jordbær men får den fine fargen frå blåbær. Frysaren vår er framleis full av blå bær fra hausten og det gjeld å nytte dei no før neste blåbærsesong er i gong. På toppen har eg pynta med butikk-kjøpte bær -for syns skuld, men det er altså ikkje nødvendig.

Jordbærsmoothie med blåbær

super sunn blåbærsmoothie
Etter at vi fekk ny matmølle (foodprosessor) i hus har eg stort sett brukt den i staden for blendaren når eg skal lage smoothie. Med S-knivar kan det nesten vere berre frosne ingrediensar og likevel går bra(!) Medan det med vår blender ofte har teke mykje lenger tid og klumpa seg litt saman om det blir for mykje frossent på ein gong. Dette kjem jo heilt an på kor kraftig blender du har i hus, men eit lite tips der altså om du og har matmølle lett tilgjengeleg.

jordbærsmoothie med blåbærEggeplomme er med for å få ein ekstra næringsrik smoothie. Kokosoljen bidreg med det gode kokosfeittet som ein bør få i seg kvar dag. Om du ikkje likar banan som søting kan du bruke dadlar i staden, eller auke mengden honning. Det same gjeld honningen, du kan kutte den ut om du ikkje likar smaken. Eller kanskje enda betre; bytt den ut med ein annan type honning. Honning smakar veldig ulikt etter kva type det er! Har du for eksempel forsøkt bringebærhonning? Kjøp med deg ein ny type neste gong du ser ein på butikken eller på helsekost.

jordbærsmoothie med blåbær

PS. Om du ikkje orkar å drikke/ete all smoothien med ein gong så kan du oppbevare den i kjøleskap til neste dag. Rør godt rundt, og kos deg med smoothie -heilt utan oppvask;)

Oppskrift på Jordbærsmoothie med blåbær

2 porsjonar / Tid: 5 min

  • 2 dl frosne jordbær
  • 1 dl frosne blåbær
  • 1 (frossen) banan
  • 1 eggeplomme
  • 1 ss Helios økologisk kokosolje
  • 1 ts honning
  • 2-4 dl vatn
  1. Ha alle ingrediensane i ei matmølle eller ein kraftig blender. Dess fleire av ingrediensane som er frosne, dess meir slush-smoothie får du. Spe med vatnet etterkvart, til du får konsistens som du likar.

  2. Fyll opp i to glas og server med friske blåbær på toppen. Blir det for mykje smoothie kan den fint stå i kjøleskap til neste dag.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.