Reklame

Kokosflak­makronar

Kokosflakmakronar er laga med Helios sine kokosflak, som er som kokoschips å rekne. Det er tynne kokosflak som er digg å strø over frukostblandinga, smoothie-bowlen eller servere som eigen snack. Men så skulle eg lage tradisjonelle kokosmakronar til jul -og så slo det meg; her må det jo passe glimrande å lage kokosflakmakronar i staden. Først tenkt så gjort!

kokosflakmakronarKokosmakronar er ei enkel julekake å lage, og det krevst ikkje mange ingrediensane. Ein varmar opp alt i ei lita kasserolle på komfyren til det blir som ein tjukk graut og set så små toppar på eit bakepapir. Inn i omnen i ti minutt og vips er julekaka ferdig! Med kokosflak blir det ikkje like mykje graut som med riven kokos, men det gjer ingenting. Kakene held fint saman likevel, og smakar minst like godt!

kokosflakmakroner

At utsjånaden blir litt meir fancy gjer jo at det blir ekstra stas å setje fram julekaker til kaffien. Eg har toppa desse med smelta sjokolade, for sjokolade gjer jo alt betre spør du meg, men det kan du sjølvsagt velje om du vil gjere.

kokosmakroner

Ei enkel kake å lage altså, som smakar både av kokos og sjokolade. Stort meir kan ein vel ikkje be om? Dette er jo dei to beste smakane blanda i lag;)

Oppskrift på Kokosflak­makronar

20 små kaker porsjonar / Tid: 30 min

  • 4 eggekviter
  • 200 g sukker
  • 1 ts Helios vaniljesukker
  • 200 g Helios kokosflak
  • 50 g mørk sjokolade
  • 1 ts Helios kokosolje
  1. Set steikeomnen på 180 grader over- og undervarme.

  2. Ha eggekvitene i ei lita kasserolle og visp lett saman med sukker og vaniljesukker.

  3. Ha i kokosflaka og rør rundt medan du varmar opp på middels varm kokeplate i omlag ti minutt, til alt tjuknar og heng litt saman.

  4. Bruk to spiseskeier og set små toppar på eit bakepapirkledd steikebrett.

  5. Steik kokosflakmakronane til dei er gylne, 10-12 minutt.

  6. Avkjøl kakene på rist.

  7. Smelt sjokolade i vassbad saman med kokosolje.

  8. Ringle sjokoladen over kokostoppane og set dei i kjøleskap for avkjøling.

  9. Oppbevar i tett boks.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.