Reklame

Créme Brûlée med smak av kaffi

Créme Brûlée er ein deilig dessert som gjerne kan lagast klar dagen før du skal servere den, og det er jo perfekt om du skal ha gjestar til middag. I min heim er det i allefall slik at vi gjerne må rydde og shine litt, og så skal jo bordet dekkast og middagen gjerast klar. Då er det med andre ord gull å ha desserten ferdig i kjøleskapet.

creme brulee med smak av kaffi

Creme Brulee minner veldig om karamellpudding, men er laga utan eggekvitene og i porsjonsskåler. I staden for karamellsausen til puddingen blir det lagt eit lag brunt sukker på toppen som blir karamellisert.

creme brullee brenner

For å karamellisere sukkeret kan du anten bruke ein brennar til formålet, eller bruke grillelementet i omnen. Førstnemde er jo absolutt det artigast (og mest imponerande for gjestane), men altså ikkje eit must for å lage denne desserten. Pass på at du har ekstra gass til brennaren i tilfelle, det er sååå kjedeleg å gå tom midt i finnishen.

cremee brulee

I denne versjonen av Creme Brulee har eg smaksett med sterk kaffi, noko som gir ein deilig mokka-ettersmak. Om du ikkje er glad i det kan du lett skippe denne linja og lage heilt plain dessert med nydeleg smak av vanilje. Det er heilt opp til deg som er kokken;)

Créme Brûlée med smak av kaffi

 

Oppskrift på Créme Brûlée med smak av kaffi

6 porsjonar / Tid: 60 min

  • 5 dl kremfløyte
  • 1 ts Helios vaniljesukker
  • 100 g Helios rårørsukker
  • 6 eggeplommar
  • 1-2 ss sterk kaffi
  • 4-5 ss Helios kokosblomstsukker
  • 8-12 bringebær
  1. Set omnen på 150 grader over- og undervarme.

  2. Splitt vaniljestanga, skrap ut frøa og ha begge deler i ei kasserolle saman med fløyten.

  3. Kok opp, ta av varmen, rør inn kaffi og la avkjøle litt.

  4. Skil egga (eggekvitene kan du til dømes nytte til pavlova).

  5. Visp eggeplommer og sukker saman.

  6. Hell i den varme fløyta forsiktig, litt etter litt, medan du rører.

  7. Sil blandinga og fordel over i seks porsjonsskåler.

  8. Set skålene i ei lita langpanne midt i omnen.

  9. Hell varmt vatn i langpanna, slik at det når halvvegs opp på skålene.

  10. Steik i 30-45 min, til desserten er stiv men gjerne litt dissande i midten.

  11. Avkjøl, og oppbevar i kjøleskap fram til servering.

  12. Strø ei lita spiseskei med kokossukker/demerarasukker på toppen av kvar dessert og karamelliser denne ved hjelp av ein brennar eller ved å setje formene høgt oppe under grillelementet i steikeomnen

  13. Servér med friske bringebær og god kaffi til.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.