Ostekake med Oreo og bringebær

Ostekake med Oreo og bringebær er ei enkel og smakfull kake som er rask å lage sidan den ikkje skal steikast. Kaka treng å stå litt i kjøleskap, men det er jo perfekt om du skal røre saman ei kake på kvelden for å ta med til ei feiring dagen etter, nettopp slik eg gjorde med denne versjonen!

oreokake ost

Oreo funkar veldig godt i ei ostekake og bringebær gir det lille ekstra til dei søte smakane. Du kan gjerne nytte frosne bringebær i denne kaka, det funkar heilt supert -og gjer at denne kaka like gjerne kan lagast i vinterhalvåret som på sommarstid.

ostekake med oreo og bringebær

Om du vil å ta omsyn til glutenallergikarar kan denne kaka fint lagast glutenfri ved å nytte glutenfrie «Oreo»-kjeks i staden for originalen, dei finn du på større matvarebutikkar.

oreokake bringebær

Kaka er søt og mektig og perfekt å nyte saman med ein god kopp kaffi.

Oppskrift på Ostekake med Oreo og bringebær

22 cm kake / 10-15 porsjonar / Tid: 30 min + 3 t

Oreo botn

  • 200 g Oreokjeks
  • 50 g smør

Ostekrem

  • 400 g kremost naturell
  • 3 dl kremfløyte
  • 200 g kvit sjokolade
  • 1 ts vaniljesukker (eller 1 vaniljestang)
  • 4 plater gelatin
  • 0,5 dl vatn
  • 1 dl melis

Fyll og topping

  • 250 g bringebær
  • 50 g Oreokjeks
  1. Lag botnen ved å knuse Oreokjeksa heilt, anten i ei matmølle eller ved å banke dei til smular, og bland med smelta smør. Trykk flatt uttover i ei rund kakeform.

  2. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i 5-10 min.

  3. Visp kremost, melis, vaniljesukker (eller frøa frå vaniljestanga) til ei jamn masse utan klumpar. Hell så i kremfløyta og visp vidare til du får ein tjukk kremaktig masse. Skrap ned kantane med ein slikkepott og pass på at alt er godt blanda.

  4. Smelt sjokoladen over vassbad. (Sjekk FAQ her på bloggen viss du lurer på korleis du gjer dette). La sjokoladen avkjøle seg litt før du vender den inn i ostemassen. Hell i ein tynn stråle slik at du får litt og litt sjokolade i gongen.

  5. Knip ut vatnet frå gelatinplatene og ha dei i ei lita kasserolle saman med vatnet. Varm opp og rør rundt til dei har smelta. La væska avkjøle litt før du vender det inn i ostemassen på samme måte som sjokoladen.

  6. Vend forsiktig inn bringebæra, spar 5-6 til pynt.

  7. Hell ostemassen over kjeksbotnen og stryk den jamt uttover. Dunk nokre gongar i sida på forma for å unngå luftbobler mellom botn og ostemasse.

  8. Del resten av Oreokjeksa i to og knus nokre til smular. Fordel bringebær og kjeks på toppen og sett kaka i kjøleskap i minst 3 timar, gjerne over natta.

  9. Losne kakeringen og pynt eventuel med sitronmelisse før servering.
    Vel bekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.