Bringebær-ispinne

bringebærispinne

Bringebær-ispinne har blitt testa ut her i heimen, både i versjon med for lite søting og i versjon med akkurat passe søting. Den første versjonen var det to nabokids som fekk vere med å teste, og den eine nøyde seg med eit slikk før han fann ut at det var for surt!

Ho andre åt forøvrig heile isen, og likte godt at det var litt surt -så smaken er som baken; den er delt i to. Etter litt prøving og feiling har i allefall vi funne ut at desse mengdene som du finn under funkar bra, og gir ein knakande god bringebær-ispinne.

Mor i huset seier litt lettare ja til is etter middag når det er denne versjonen søta med honning i staden for sukker som blir servert, og så er det jo så nydeleg med bringebærsmak!

Frys ned ispinnar du også og inviter dei rundt deg til prøvesmaking!

hjemmelaget bringebær ispinne

Bringebær-ispinne

6 former

  • 400 g frosne bringebær
  • 3 dl vatn
  • 1/2 ts vaniljesukker
  • 1 dl god honning
ispinne med bringebær

Oppskrift:

  1. Varm opp bær og vatn i ei kasserolle medan du stampar dei saman med ei sleiv eller ein potetstappar.
  2. Sil massen gjennom eit dørslag, slik at du får bort frøa (eller hopp over dette om du vil ha bringebærfrøa med).
  3. Rør inn vaniljesukker og honning, smak gjerne at det er søtt nok og hugs at litt av søtsmaken forsvinn når isen blir fryst.
  4. Fordel i isformer og set i frysaren i 4-6 timar.
bringebær is

TIPS:

  • Du kan justere mengden vatn slik at mengden blir akkurat passe til dine isformer.
  • Dypp isforma raskt i eit stort glas med varmt vatn for å lett ta av forma.
bringebær ispinne

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.