Reklame

Sjokoladekake med mascarponekrem og bringebæroverraskelse

Sjokoladekake med mascarponekrem og bringebæroverraskelse i samarbeid med Hoff Potetmel
/annonse/

sjokoladekake med mascarponekrem og bringebæroverraskelse

Kjenner du til Piñata? Denne figuren full av godteri som ein slår på til det går hol? Vel, her får du kakeversjonen! Sjokoladekake i fleire lag med deilig mascarponekrem og når kaka blir delt trillar det ut friske bringebær som er skjult i midten. Då er det klart det blir fest!

Kaka er laga av to sukkerbrød som har fått kakao i seg for farge og smak og på toppen er det nydeleg sjokoladeganache av mørk sjokolade og kremfløyte.

sjokoladekake bringebær

Kaka kan lagast som ei enkel kake med krem og bær på toppen, eller som eg har gjort her med dobbelt sukkerbrød og overrasking i midten. Om du vel å lage berre eit sukkerbrød finn du enkle mengder i parantes bak ingrediensane.

sjokoladekake med mascarponekrem og bringebæroverraskelse

Sjokoladekake med mascarponekrem og bringebæroverraskelse

2 stk sukkerbrød (24 cm)

  • 8 egg (4 x 2)
  • 240 g sukker (120 x 2)
  • 60 g kveitemjøl (30 x 2)
  • 60 g bakekakao (30 x 2)
  • 120 g potetmjøl (60 x 2)
  • 2 ts bakepulver (1 x 2)

Sjokoladeganache

  • 100 g mørk sjokolade
  • 1 dl kremfløyte

Mascarponekrem

  • 125 ml mascarpone
  • 0,5 dl melis
  • 1/2 sitron
  • 1/2 ts vaniljesukker
  • 2 dl kremfløyte
  • 300 g bringbær
  • Ekstra frukt og bær til pynt
oppskrift sjokoladekake

Oppskrift:

Sukkerbrød

  1. Set omnen på 175 grader over- og undervarme og du skal steike eit sukkerbrød, eller 165 grader varmluft om du skal steike to i gongen.
  2. Ha romtempererte egg og sukker i ein miksebolle og visp lenge, til du har lys gul og luftig eggedosis. Med kjøkkenmaskin tek det kanskje ti minutt, medan du kanskje må rekne 20 min med ein handmiksar. Ikkje gi deg, dette er viktig for å få vellukka sukkerbrød!
  3. Bland det tørre og sikt inn. Vend det forsikig inn, ikkje rør slik at lufta frå eggedosisen forsvinn.
  4. Hell røra over i bakepapirkledd kakeform. Du treng ikkje smøre kanten.
  5. Set kakeforma inn i omnen. Set den midt i om du steiker ei kake, eller fordel dei med ei oppe og ei nede om du steiker to samtidig.
  6. La kaka steike i minst 20 min før du opnar og sjekkar med ei kakenål. Er det røre på kakenåla/pinnen let du kaka steike litt til, viss ikkje tek du forma ut og set på ei rist. La kaka avkjøle heilt i forma.
  7. Skjær med ein tynn kniv rundt kanten og losne kakeringen.

Mascarponekrem

  1. Rør saman mascarpone, melis, sitronsaft og vaniljesukker til ei jamn masse.
  2. Visp kremen luftig.
  3. Vend kremen inn i mascarponeblandinga.

Sjokoladeganache

  1. Finhakk sjokoladen og ha den i ein liten bolle.
  2. Kok opp kremfløyta.
  3. Hell kremfløyta over sjokoladen og la det står i 1-2 min.
  4. Rør saman med ein visp/gaffel til all sjokoladen er smelta og du har ein glatt sjokoladeglasur.

Montering

  1. Legg det eine sukkerbrødet opp-ned på eit kakefat.
  2. Set ei lita skål på toppen og skjær rundt med kniven. Ta ut midten av kaka og fyll opp med friske bringebær.
  3. Legg på mascarponekrem og friske bær i ein ring.
  4. Legg den andre sukkerbotnen på toppen. Opp-ned denne også, det blir finast.
  5. Topp med sjokoladeganache og friske bær.
  6. Velbekomme!

 

sjokoladekake 17.mai

TIPS: Vil du lage glutenfri kake? Då er det berre å erstatte kveitemjølet med potetmjøl, og lage sukkerbrød av potetmjøl. Funkar veldig bra!

Vil du sjå steg for steg korleis du enkelt lagar sukkerbrød finn du det her hjå Hoff.

 

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Hoff Potetmel

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.