Oppskrift på baking av potetlefser

potetlefserBaking av potetlefser har blitt ein eigen tradisjon på morssida av slekta mi. Det heile starta for omlag fem år sidan, då eine tanta mi ville ta opp igjen tradisjonen med å samlast til lutefiskmiddag før jul.

Dette hadde dei vakse opp med, og eg hugsar også at vi «åt» lutefisk hjå mormora mi anten søndagen før jul, eller på lille julaftan. Legg merke til at eg skriv åt med hermeteikn. For det finnast vel ikkje born som et dette?

Men det var stor stas likevel, og besta laga alltid tynn og søt risgraut-suppe med rosiner i som vi hadde til. I tillegg til suppa fekk vi potetlefser med eit tjukt lag smør, kokte poteter og kokt torsk. Og det gjekk ned på høgkant!

Den dag i dag er lutefisk noko eg et minimalt av, men eg må alltid prøve og håper på at eg skal like det ein eller annan gong. Fram til då er potetlefsene den viktigaste delen av lutefiskmiddagen, og dei må sjølvsagt vere heimelaga.

Dermed var det duka for triveleg lefsebaking no i helga, som også blei delt på snapchat (kvardagsmat). Fleire etterlyst oppskrift, så her kjem den, med stødig hjelp i frå mamma som laga deiga.

Å lage lefser går vel strengt tatt ikkje under verken enkelt eller raskt, og det krevst rett utstyr og gjerne nokon som har gjort det før. Men når det er sagt, så er det berre å prøve, ein lærer medan ein held på. Vi er like grøne kvart år vi går i gong, og treng nokre lefser før vi hugsar triksa, så no skriv eg dei ned slik at vi kan ta dei fram igjen neste år:

lefsebaking løfsebaking potetlefser oppskrift lefser steking potetlefser baking

TRIKS:

  • Du må ha eit rute-kjevle når du skal bake lefse. Eit nytt triks eg las om i år var Mia sitt med å tre ei nylonstrømpe utanpå kjevlet. Det må vi teste neste år!
  • Det beste underlaget å kjevle på er såkalla «tisselaken» som er mjukt/ruglete på eine sida og heilt glatt på det andre. Eg har to i barnestørrelse frå IKEA, men dette får du kjøpt i metervare også. Legg den glatte sida ned og kjevle på den ruglete sida. Lakena kan gjerne klippast i samme storleik som steiketakka, så veit du kor stort du skal kjevle.
  • Kjevle roleg og lett, ikkje bruk makt.
  • Set steiketakka under kjøkkenvifta, på avispapir så du ikkje øydelegg platetoppen, og slå gjerne av sikringa på platetoppen om den berre vil pipe.
  • Bruk ein mjuk kost eller kjøkkenpapir og kost av mjølet på steiketakka mellom kvar lefse, og mellom kvar gong du snur lefsa, slik at det ikkje blir så mykje brent mjøl.
  • Spikk eller få laga til ein pinne til å snu lefsene med.
  • Ha på forkle og lat att dører til andre rom, det blir mjølstøv over alt.
  • Plukk ned filtera i kjøkkenvifta og vask dei i oppvaskmaskina etter at du er ferdig.

Til omlag 25 lefser treng du:

  • 2 kg kokte beatepoteter
  • 1 l h-mjølk
  • 3 dl semulegryn
  • 100 g smør
  • ca 2 kg kveitemjøl
steiketakke

Slik gjer du (sjå film under):

  1. Skrell og kok potetene.
  2. Kok opp mjølk, rør inn semulegryn og la småkoke under lokk til grauten er ferdig, 5-7 minutt. Rør av og til under koking, og rør inn smøret når grauten er ferdig.
  3. Avkjøl poteter og semulegrynsgraut heilt (gjerne over natta).
  4. Kvern ei potet og så litt graut gjennom ei (kjøt)kvern. Gjenta til alt er kverna.
  5. Kvern så heile massen ein gong til.
  6. Set deiga kjøleg.
  7. Gjer klar steiketakke, kjevle og anna du treng og ha klar mjølet.
  8. Ta ut 1/3 av deiga og legg på bakebenken, legg resten av deiga kjøleg igjen.
  9. Elt inn så mykje mjøl du treng, for at den ikkje skal vere for klissete.
  10. Del opp i emne på ca 110 gram.
  11. Bruk mykje mjøl ved utkjevling, og strø nytt mjøl over ofte.
  12. Kjevle til lefsa er så tynn at du kan «lese avisa» gjennom den, men utan at den blir holete.
  13. Steik på kvar side på «ganske varm» takke og legg over på rist som er dekka med eit kjøkkenhåndkle.
  14. Oppbevar kjøleg i ca 1 veke, eller frys ned.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.