Vepsebol

mini marengs

Vepsebol eller mini-pavlova med mandel og sjokolade om du vil. Crispi margengs som er både raske og enkle å lage. Desse kakene er etterkvart kjende for mange, og ei fin julekake å ha i kakeboksen.

Utan noko mjøl er den naturleg glutenfri og fin å servere til dei som ikkje toler det også. Kakene er skjøre, akkurat som pavlova, så oppbevar dei gjerne i ei flat og stor kakeboks, slik at du slepp å ha så mange i høgda.

vepse bol

Til ca 20 vepsebol treng du:

  • 2 eggekviter
  • 1 ts vaniljesukker
  • 125 g sukker
  • 125 g mandlar
  • 125 g mørk sjokolade
vepsebol kvefsebol kvepsebol

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 170 grader varmluft.
  2. Grovhakk mandlar og sjokolade.
  3. Visp eggekvitene med vaniljesukkeret og halvparten av sukkeret til det skummar.
  4. Tilset litt og litt av sukkeret medan vispen går, og fortsett til du har blank og tjukk marengs.
  5. Vend mandlar og sjokolade forsiktig inn med ein slikkepott, slik at du beheld mest mogleg av lufta i eggekvitene.
  6. Bruk to spiseskeier og set små toppar på to bakepapirkledd steikebrett.
  7. Steik begge bretta samstundes i ca 15 min, til dei såvidt er gylne.
  8. Avkjøl på steikebrettet, deretter på rist.
  9. Oppbevar i tett kakeboks.
marengs

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.