Fløtekarameller

karamell Mjuke gode, søte, seige karamellar som smeltar på tunga. Du kan sjølvsagt lage dei harde om du heller vil det, men min absolutte favoritt er mjuke karamellar. Du veit sånne nykjøpte smørbukk som har fått ligge i sola og er seige og gode å tygge. Herleg og farleg godt -du er herved advart.

Karamellane kokar seg sjølv, så du kan fint setje dei på og så plukke ut av oppvaskmaskina og rydde på kjøkkenet (eller er det berre mi oppvaskmaskin som må plukkast ut av heeeeile tida?!), medan du ventar på den magiske temperaturen.

karamellar

Litt enklare å treffe med eit sukkertermometer (tippar du får eit for under 100-lappen på Clas Ohlsson/Jernia/Kitch’n), men fullt mogleg å lage utan også, så det er berre å gå i gong.

fløtekarameller

Du treng:

  • 2,5 dl fløyte
  • 200 g sukker
  • 150 g smør
  • 100 g mørk (eller lys) sirup
  • ei klype salt (gjerne mineralsalt)
  • 1 ts vaniljesukker (ekte vanilje)
fløtekarameller fløte karamell

Slik gjer du:

  1. Ha alt i ei vid gryte og kok opp på middels-høg varme. Dess vidare gryte, dess raskare går kokinga.
  2. La massen koke til den har fått karamellfarge og ei glatt overflate. Dette kan ta alt frå 15-40 min. Du treng ikkje røre undervegs. Har du sukkertermometer kan du begynne å følgje med når det når 110 grader, etter det går det rimeleg kjapt.
  3. Sett eit glas kaldt vatn ved sidan av gryta og drypp ein dråpe karamellmasse i glaset. Om massen berre flyt uttover må du koke litt lenger, om du kan forme ei kule av massen med fingrane er karamellane klare. Har du sukkertermometer er du ute etter ein temperatur på rundt 120 grader. Under dette gir mjuke karameller, over 120 grader gir litt harde karameller.
  4. Hell massen på eit bakepapir, gjerne i ei eldfast form, og la avkjøle.
  5. Del opp i passe bitar FØR massen har stivna heilt. Kokar du til 117 vil ikkje karamellane stivne heilt, så då kan du fint vente til dagen etter. Kokar du til dei blir harde må du dele opp før dei stivnar.
  6. Pakk inn bitane i bakepapir eller cellofan og oppbevar i kjøleskap.
fløytekarameller

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.