Troika

hjemmelaget troika Troika skal vere russisk og tyde tre. Og det er nettopp tre lag denne deilige konfekten har. Den er enkel å lage sidan den i hovudsak inneheld ferdigkjøpte ingrediensar som butikkane flaumer over av no når det nærmar seg jul. Og så nydeleg god då!

Eg hugsar at ei veninne måtte «lære meg» å like Troika før eg fall for denne herlegheita. Då var trikset å dele sjokoladen i tynne skiver og nyte ei og ei skive saman med god kaffi. Og den dag i dag likar eg best Troika i små mengder i gongen, men gjerne maaaange gongar etter kvarandre.

For å lage denne konfektar treng du litt tid til å la dei ulike laga stivne, men ellers er det enkelt og det krevst ikkje noko fancy konfekt-utstyr.

troikaTil ei 20 x 20 cm form (sjå tips om du ikkje har slik form) treng du:

  • 300 g marsipan
  • 200 g nougat
  • 1 pakke bringebærgele (pulver)
  • 2,5 dl vatn
  • 100 g mørk sjokolade

Slik gjer du:

  1. Kle forma med plastfolie.
  2. Kjevle eller trykk ut marsipanen slik at den dekkjer forma i eit jamt lag.
  3. Smelt nougaten over vassbad, og fordel den over marsipanen.
  4. Set forma i kjøleskap.
  5. Kok opp vatnet og rør ut bringebærgelepulveret. Avkjøl heilt før du heller over nougaten. Set tilbake i kjøleskap og la stå heilt til geleen har stivna.
  6. Smelt sjokolade over vassbad, kjøl den ned så mykje som råd (romtemperatur) men slik at den framleis er smørbar.
  7. Løft Troikaen ut av forma og over på ei skjærefjøl ved hjelp av plastfolien. Stryk utover den smørbare sjokoladen.
  8. Del opp Troikaen i bitar før sjokoladen stivnar, slik at du unngår at den sprekk opp.
  9. Oppbevar i boks i kjøleskap. Anten utan lokk eller med eit kjøkkenpapir inne i boksa som trekk til seg fuktigheit, slik at du unngår at sjokoladen «svettar».
heimelaga troika

TIPS:

  • Har du ikkje 20 x 20 form? Bruk to brødformer i staden. Eller halver oppskrifta og bruk ei brødform.
  • Det er enklast å gjere som i oppskrifta over, men om du vil kan du dele opp troikaen i bitar før du har over sjokoladen. Då får du sjokoladetrekk på alle sider av konfekten, men det er også litt meir sølete å få det til.
  • For å unngå at sjokoladen sprekk opp er det smart å dele opp konfekten i bitar rett etter at du har smurt uttover sjokoladen.
tips troika

Les tipset over for å unngå at sjokoladen sprekk opp!

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.