Karameller

fløytekarameller

Nyyydelege karameller som smeltar på tunga. Desse har fått bein å gå på og det må nok kokast opp både ein og to batchar til før jul. Knallenkle å lage (ja eg kan ikkje skjøne at karamellar har rykte på seg for å vere vanskeleg å lage?!) og oppskrifta fann eg hjå dyktige Elin som i fjor hadde denne oppskrifta på fløytekartongane til Q-meieriet.

Har du digitalt termometer eller sukkertermometer er det enklare å få dei karamellane du vil ha. Då veit du sikrare når du skal fjerne karamellmassen frå komfyren for å få mjuke eller harde. Men smaken på karamellane blir det samme, så du kan godt lage dei utan anna hjelpemiddel enn eit glas vatn. Les meir i oppskrifta under.

karamellarDu treng:

  • 3 dl fløyte
  • 250 g sukker
  • 60 g smør
  • 100 g sirup
fløtekarameller

Slik gjer du:

  1. Ha alt i ein vid kjele og kok opp.
  2. La massen koke til den har fått karamellfarge og ei glatt overflate. Dette kan ta alt frå 20-40 min. Du treng ikkje røre i gryta medan den kokar.
  3. Sett eit glas kaldt vatn ved sidan av gryta og drypp ein dråpe karamellmasse i glaset. Om massen berre flyt uttover må du koke litt lenger, om du kan forme ei kule av massen med fingrane er karamellane klare.
  4. Hell massen på eit bakepapir og la avkjøle
  5. Del opp i passe bitar FØR massen har stivna heilt.
  6. Pakk inn bitane i bakepapir eller cellofan og nyyyt:)
  7. Oppbevar i kjøleskap.
karameller

TIPS: Har du eit termometer er du ute etter ein temperatur på rundt 120 grader. Såvidt 120 grader gir mjuke karameller (type mjuk smørbukk) medan over 120 grader gir harde karameller.

Er karamellane mjuke kan du gjerne vente med å dele dei opp til dei har fått overnatta i kjøleskåpet, medan harde karameller må delast opp før dei får stå for lenge.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.