Havrekjeks

havrekjeks

Havrekjeks med smør og brunost funkar bra både til god frukost og som noko godt til kaffien etter middag. Ofte like populære blant born som vaksne, og fine å ha på lur.

Desse fann eg oppskrift på i ei julebok, men havrekjeks funkar like bra heile året spør du meg!

Deiga treng ikkje heve, og er lett å arbeide med. Bruk godt med mjøl når du kjevlar den tynt ut og stikk ut kjeks med eit glas eller ei form. Fin oppgåve å få hjelp av born til!

Havrekjeks:

  • 2 dl mjølk
  • 50 g smør
  • 250 g havregryn
  • 125 g kveitemjøl
  • 2 ss sukker
  • 1 ts hornsalt

Slik gjer du:

  1. Kok opp mjølk og smør, og hell det over havregryna.
  2. La det trekke inn i gryna før du eltar inn mjøl, sukker og hornsalt til ei jamn deig.
  3. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  4. Kjevle deiga tynt ut og stikk ut kjeks med eit glas eller ei form.
  5. Legg kjeksa på bakepapirkledd steikebrett og steik midt i omnen i 10-12 min, til dei er gylne i kanten.
  6. Avkjøl på rist og oppbevar i tett kakeboks.

Nytast med smør og ost, og ein god kopp kaffi til.

Oppskrifta er henta frå Norsk Julemat av A. Strømstad

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.