Pepperkaker (god deig å bake!)

DSC_0054-2
  • 3dl vatn
  • ½dl lys sirup
  • 2ss kanel
  • 2ss nellik
  • 2ss ingefær
  • 750gr sukker
  • 2ss natron
  • 425gr smør
  • ca 1400gr kveitemjøl

 

Bland saman vatn, sirup, krydder og sukker og gi det eit lett oppkok, set til side for litt avkjøling.

Smelt smøret og ha i natron.  Bland deretter dette med krydderblandinga.

Elt i mjølet litt etter litt til du får ei fast fin deig. Set på lokk/dekk med plast og legg den i kjøleskapet over natta.

Bruk mjøl på bordet når du kjevlar den ut, stikk ut pepperkakefigurar og legg dei på bakepapirkledd steikebrett. Steik midt i omnen på 200gr i 8-10 min.

Avkjøl på rist før du legg dei i kakeboksen eller pyntar med melis og Non Stop. Denne oppskrifta er henta frå mamma si kokebok, og har vore fast innslag i førjulstida sidan eg var barn. Inga jul utan:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.