Enkel Halloween-lykt

gresskar Det er straks klart for Halloween-feiring igjen og kanskje vil du pynte opp på trappa med ei ekte graskar-lykt? Denne tradisjonen som er framand for min (og dei over) sin generasjon har blitt teken i mot med opne armar frå kidsa, og dei fleste eg kjenner gir seg over og startar feiringa så snart borna er gamle nok til å skjøne kva dei går glipp av;) Her gjeld det å vere med på å forme tradisjonen slik vi vil ha den tenkjer eg.

For vår del starta det i fjor, med ei lita feiring i Kuala Lumpur der dei eldste norske borna introduserte gutane for konseptet. Og denne kvelden gjorde inntrykk, for spørsmåla har kome med jamne mellomrom heile året: «Er det Halloween snart?». Kidsa har leika Halloween og øvd seg lenge, og no er det endeleg snart Halloween.

halloweenlyktHer får du steg for steg korleis du enklast kan lage ei lykt.

Du treng:

  • eit graskar
  • 1 liten skarp kniv
  • 1 stor skarp kniv
  • 1 skei eller is-skei

gresskar lykthvordan lage gresskar lyktkorleis lage graskar lykthalloween lyktSlik gjer du:

  1. Skjær toppen av graskaret med ein stor kniv. Det er enklast å unngå runde former, lag ein sekskant eller åttekant.
  2. Ta av lokket og skrap ut innhaldet ved hjelp av ei skei eller is-skei. Skrap graskaret heilt reint. Om du vil kan du skrape litt av kjøtet også, slik at det skin meir gjennom graskaret, men dette er ikkje nødvendig.
  3. Teikn mønsteret du vil skjære ut med ein tusj. Hugs at det er enklast med trekant/firkant o.l. (Treng du inspirasjon er google full av malar du kan printe ut og teikne av).
  4. Bruk ein liten kniv og skjær ut formene.
  5. Set eit syltetøyglas med telys opp i graskaret, eller bruk batterilys, og legg på lokket.
  6. Tadaaa….! Fiks ferdig graskar til trappa:)

TIPS:

  • Dersom du synest innhaldet av graskaret luktar, kan du strø litt kanel over graskaret som dempar lukta.
  • Hald deg til rette liner når du skal teikne og skjære, det gjer prosessen SÅ mykje enklare.
enkel halloween-lykt

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.