Vegetar-meny 6

Vegetar-meny 6 byr på fleire vegetarmiddagar som eg håper vil friste deg. Ein ting eg opplever som positivt ved å fokusere på vegetar er den nyoppdaga glede over supper til middag.

Suppe servert med brød funkar fint som familiemiddag, sidan det ikkje er krise om borna ikkje likar suppa. Dei kan smake og så kan dei heller ete to skiver med smør til middag den dagen. Ingen skade skjedd og utan ugrei stemning rundt middagsbordet.

Vegetar-meny 6

Lurer du på kvifor vekemenyen er bytta ut med vegetar-meny? Sjekk ut utfordringa eg gav (meg sjølv) for 2020. Klikk her for å lese årets første vegetar-meny.

Vegetar middag

Grøn falafel med salat og avokadohummus

Grøn falafel er nydeleg vegetarmat som har krønsj på utsida og mjuk og irrgrøn innside. Det er spinat som gir den flotte fargen, utan å overdøve den gode falafelsmaken. Perfekt… Fortsett å les »

Vegetar middag

asiatisk risnuddel

Asiatiske risnudlar med grønsaker

Asiatiske risnudlar med grønsaker er «comfort food» som du slurpar i deg med gaffelen i eine handa og tallerkenen i andre. Deilige asiatiske smakar blanda med risnudlar og friske grønsaker…. Fortsett å les »

Vegetar middag

søtpotetsuppe med paprika

Søtpotetsuppe med paprika

Søtpotetsuppe med paprika er deilig varmande og god suppe for heile familien. Søtpotet gir ei suppe med nydeleg farge og deilig smak. Med litt currypaste blir det futt i suppa,… Fortsett å les »

Vegetar middag

krema blomkål

Krema blomkål- og potetgrateng

Krema blomkål- og potetgrateng er fint å servere som ein lett liten rett i seg sjølv, eller som digg tilhøyr når du diskar opp med fisk eller kjøtrettar. Retten er… Fortsett å les »

Vegetar middag

vegetar pasta

Pasta med sjampinjong og spinat

Pasta med sjampinjong og spinat blei til etter å ha sett instastoryen til Deliciously Ella her ein kveld. Det var tett før eg laga pasta klokka halv elleve ein kveld…. Fortsett å les »

Vekas frukosttips

oppskrift granola kokos

Kokosgranola med chiafrø

Kokosgranola med chiafrø er som namnet tilseier granola med smak av kokos. Kokos var ein smak eg hadde vanskeleg for å lære å like, men så vips -eit år i… Fortsett å les »

Vekas brødbakst

kvardagsmat oppskrift grove rundstykker

Grove rundstykker

Grove rundstykker er alltid populært å få servert til frukost eller å få ha med i matpakken. Ekstra godt er det å kunne dekkje kjøkkenbordet med godt pålegg og servere… Fortsett å les »

Vekas søtt

iskake med daim

Daimiskake med marengsbotn

Daimiskake med marengsbotn er laga med utgongspunkt i Iskake med Daim og Mokkaiskake med sjokolade og marengs. Tanken var å ta det beste frå begge kakene og kombinere det til ei… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.