Vekemeny 12

Vekemeny 12 byr på kvardagsmiddagar for heile familen, god brødbakst og noko godt til helga. Akkurat slik det skal vere i ein vekemeny. Om eg kan anbefale ei oppskrift litt ekstra så er det å teste fredagens oppskrift «Nachos med torsk».

Det er rett og slett fiskebitar vendt i tacokrydder og steikt på panne. Nydeleg vri på tacoen, og så får du inn ein ekstra fiskemiddag utan at nokon protesterar. Servert med lime på toppen er dette fresh og knasande middag.

Ha ei fin veke!

PS. Har du sjekka ut den nyaste YouTube-filmen min? Framleis leik og lær her, men legg gjerne igjen ein kommentar om kva du synest!

Mandag

Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær

Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær

Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær er ein ny vri på den populære brokkolisalaten. Denne gongen er salaten laga heilt utan majones og rømme, og kan kanskje reknast som litt sunnare…. Fortsett å les »

Tysdag

asiatisk fiskeburger

Fiskeburger med smak av Asia

Fiskekaker er ein av mine favorittmåtar å ete fisk på. Det kan jo ikkje bli feil, du kan bruke nesten kva fisk som helst og det smakar digg. I denne… Fortsett å les »

Onsdag

Spagetti Carbonara

Spagetti Carbonara er middag laga i ein fei og fantastisk godt! Med krema saus med deilige baconbitar i passar denne like bra på ein kvardag som ein helgekveld du vil ha noko… Fortsett å les »

Torsdag

Asiatisk laksewok med nudlar

Asiatisk laksewok med nudlar

Asiatisk laksewok med nudlar er kjapp middag med sunne ingrediensar og gode smakar. Laks er lett å få tak i på butikken og treng ikkje lang tid i panna før… Fortsett å les »

Fredag

nachos med torsk

Nachos med torsk

Nachos med torsk høyres kanskje noko rart ut, men dette må du prøve! Fisken er krydra med tacokrydder, og rundt bordet fann ein raskt ut at det likna kylling. Kvit… Fortsett å les »

Laurdag

kikertgryte med chorizo

Chorizo og kikertgryte

Chorizo og kikertgryte har nydeleg smak av chorizopølse og ekstra røykt smak frå paprikakrydderet. Finn du ikkje røykt paprika på butikken din veit du kva du skal sjå etter neste… Fortsett å les »

Søndag

krema spagetti med sjampinjong og chorizo

Krema spagetti med sjampinjong og chorizo

Krema spagetti med sjampinjong og chorizo er kjapp og lett å lage, og god å ete. Akkurat det ein treng frå etter fullført jobb og skule. Eller kanskje det du… Fortsett å les »

Vekas brødmat

solsikkekjerner

Eltefri rundstykker med solsikkekjerner

  Du treng: 150 g grov sammalt rug 350 g kveitemjøl 50 g solsikkekjerner 25 g linfrø 25 g sesamfrø 1ts tørrgjær 1ts salt 1ss flytande honning 4 dl lunka… Fortsett å les »

Noko godt

Muslibar

Muslibar Til desse muslibarane har eg teke utgongspunkt i Berit Nordstrand sin versjon. Henne har eg sansen for! Bra dame med bra fokus:) Muslibarane blei testa ut på skitur ein… Fortsett å les »

Vekas kake

Prinsessekake

Prinsessekake

Trudde du at Prinsessekake var ei kake med ei prinsesse/barbie i midten og marsipankaka som skjørt rundt? Her får du den andre Prinsessekaka; kanelsnurrar med vaniljekrem i ei kakeform. Nydeleg!… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.