Vekemeny 11

Huhei som det går! Søndag igjen, og tid for ny inspo til den komande veka. Med ein laus plan i bakhand går kvardags-kabalen så mykje lettare opp, og då blir alle glade. I allefall blir eg glad;)

Synest du det er uoverkomeleg å planlegge heile veka i eitt? Det synest eg, og deler den difor opp i to eller tre. Mykje blir gjerne endra i løpet av veka, alt etter som om nokon blir sjuke eller om det er fint vêr.

Her på Sunnmøre er vi nemleg akkurat slik som du kan lese om i Are Kalvø si «Hyttebok frå helvete». Vi går rundt i turkle, sjølv på butikken for å handle potetgull og cola, klare for å rykke ut med ein gong det er fint vêr.

Og då får middagsplanar vere middagsplanar. Eller endå betre; då kan vi ta fram restematen frå dagen før eller leite fram den enklaste oppskrifta på planen. Med slike moglegheiter lagt inn i planen er vi klare for veka!

Her kjem vekas inspirasjon, så vel du ut det som passar deg best. Og så anbefalar eg at du lagar dobbel porsjon av minst ein av rettane for enkel reste-middag dagen etter. Ha ei fin veke!

Mandag

Eplesalat med appelsindressing

Eplesalat med appelsindressing

Eplesalat med appelsindressing er søt, syrleg og frisk. Perfekt å ha på eit kaldtbord eller eit tapasbord med andre rettar! Eller som eit godt tilbehør til lunsjen eller middagen. Nemnde… Fortsett å les »

Tysdag

Fiskegrateng med potetmos

Fiskegrateng med potetmos

Fiskegrateng med potetmos er familievenleg mat som både små og store likar. I denne versjonen er det reker, men det kan du hoppe over om det finnast skeptikarar. Eller så… Fortsett å les »

Onsdag

krema kylling med spaghetti

Krema kylling og spagetti

Krema kylling og spagetti med både bacon og ruccola i seg er gode smakar som gir ein digg rett. Enkelt, raskt og skikkeleg kosemat som gjerne kan serverast ein kveld… Fortsett å les »

Torsdag

laks med kefirdressing

Laks med kefirdressing

Laks med kefirdressing i samarbeid med Kefir /annonse/ Laks med kefirdressing er ein perfekt kvardagsmiddag som ikkje tek lang tid å lage og som smakar veldig godt! Steikt laks er… Fortsett å les »

Fredag

enchilladas

Enchiladas med bønner

Enchiladas med bønner Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med… Fortsett å les »

Laurdag

Innbakt pai med bacon, ruccola og fetaost

Innbakt pai med bacon, ruccola og fetaost smakar veldig godt, og gjer at du får enno meir av det gode og sprø paiskallet for kvart stykke. Pai som er varma… Fortsett å les »

Søndag

Omnssteikt kylling med gul pesto og hasselbackpoteter

Omnssteikt kylling med gul pesto og hasselbackpoteter

Eg har fått skikkeleg sansen for mat laga i langpanne i steikeomnen. Det ser så lekkert ut, og så smakar det så nydeleg med omnsbakte grønsaker. Med litt knas på… Fortsett å les »

Vekas brødmat

chiafrø rundstykker

Eltefri rundstykker med chiafrø

Vi er i gong med å tømme skuffer og skap før heimreise til Norge, og då går alle moglege frø og mjølvariantar inn i dei eltefrie rundstykka. Det er jo… Fortsett å les »

Noko godt

baconsurra dadler

Baconsurra dadlar

Dette er ein av mine favorittar når det kjem til snack og tapas. Salt og søtt i ei herleg blande og passe store porsjonsbitar. Desse godbitane forsvinn alltid først frå… Fortsett å les »

Vekas kake

Kanelbollekake

Kanelbollekake

Kanelbollar er ein stor favoritt her i heimen, og inspirert av eit bilete eg såg på instagram blei det kanelbollekake i staden. Argumentet på det bilete var at det beste… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.