Vekemeny 8

Søndag og kanskje tid for vinterferie for deg? Her hos oss er det ei veke til før det brakar laust, og det er kanskje like greit. Snøen har nemleg regna nesten heilt vekk siste 3-4 dagane, så med ei veke til å vente så kanskje det er håp for meir vinter. Vi tek ingen sorger på forskot, og håper i det lengste;)

I veka som gjekk hadde Sunkost Volda og eg inspirasjonskveld, med fokus på brødbaking og kraftkoking. Det var over tjue stk som sette av kvelden og kom, og det var så kjekt! God stemning, fine spørsmål og engasjerte deltakarar. Janne (Sunkost) og eg var så nøgde etterpå, og hadde det så kjekt både før og under kvelden. Dette kan vi gjerne gjere meir av!


Mandag

vegetarisk langpanne med avokado-hummus

Vegetarisk langpanne med avokado-hummus

Mat som lagar seg sjølv i omnen er alltid lett å like, og her får du ei digg langpanne som du kan sette rett på bordet. Det heile er herleg… Fortsett å les »

Tysdag

soyasmør

Steikt skrei med soyasmør og granateple

Steikt skrei med soyasmør og granateple er nydeleg god middag, og enkel å lage. Det vanskelegaste er å få ut frøa frå granateplet utan å dekorere alt rundt deg raudt…. Fortsett å les »

Onsdag

sriracha suppe

Asiatisk grønnsaksuppe

Asiatisk grønnsaksuppe er inspirert av smakane frå Thailand med sitrongras, ingefær og spicy sriracha. Plutseleg er det slik at alle desse ingrediensane er å finne på fleire av mine lokale… Fortsett å les »

Torsdag

kjapp middag

Steikt ørret med brokkoliwok

Steikt ørret med brokkoliwok er ein perfekt måte å bruke opp brokkolistilken på. Den er jo for god til å kaste! Ved å bruke ein mandolin er det like kjapt… Fortsett å les »

Fredag

taco med torsk

Fisketaco

Fisketaco er nydeleg godt, og ein perfekt måte å få i familien meir fisk på. Kvit fisk er mild i smaken, og med tacokrydder og tortillachips rundt er det ikkje… Fortsett å les »

Laurdag

Sashimi med teriyakisaus

Sashimi med teriyakisaus

Sashimi med teriyakisaus er ein av dei kjappaste rettane du kan lage. Viss du har ei flaske teriyakisaus i kjøleskapet då. Det lagar du på under ti minutt viss ikkje,… Fortsett å les »

Søndag

oppskrift oksehalegryte

Oksehalegryte med tomat

Oksehalegryte med tomat er mat som tek lang tid å lage, men som er vel verdt ventinga. Kjem du over oksehalar i butikken er det berre å fylle handlekorga og… Fortsett å les »

Vekas brødmat

glutenfritt bokhvetebrød

Bokhvetebrød med solsikkekjerner

Bokhvetebrød med solsikkekjerner er laga med bokhvete som hovudingrediens. Bokhvete er ikkje i slekt med kveitemjøl (hvetemel), sjølv om det kan høyrast slik ut på namnet, men er faktisk ei… Fortsett å les »

Noko godt

Granola med quinoa og bringebær

Granola med quinoa og bringebær

Granola med quinoa og bringebær er knasande sprø, søt og god. Dette er som å starte dagen med ein dessert! Quinoa blir brukt oftare til frukost enn til middag her… Fortsett å les »

Vekas kake

gjærbakst

Sjokoladeknutar

I denne heimen er alle gutane, både voksne og barn, over middels glad i kanelsnurrar og det er vel ikkje noko som gjer dei gladare enn å få servert akkurat… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!