Vekemeny 7

Søndag og tid for å servere den nye vekemenyen og kanskje legge ein plan for den komande veka? Om du er i området rundt Volda onsdag 13. februar må du sjekke ut INSPIRASJONSKVELDEN som Janne på Sunkost Volda og eg skal ha.

Her er det Janne skriv:

Velkomen til inspirasjonskveld på Sunkost Volda!
Har du lyst til å sjå, smake, og lære korleis du kan lage enkel og sunn kvardagsmat? 😋Vi er så heldige å få besøk av forfattar og bloggar Anita Blomvik!
(Kjend i frå bloggen kvardagsmat.no)

🎫Denne kvelden vil du ikkje gå glipp av! Obs(!) begrensa plassar. Bindande påmelding via vipps.🎫
👉For å melde deg på kvelden:
Vipps 199,- til 97084413 merk betalinga med #sunkostvolda

Anita skal bl.a. demonstrere:
🍲Kraftkoking🍲
Kraftkoking er i vinden som aldri før. Har du lyst til å kome i gong med kraftkoking? Vi viser deg kva ingrediensar du treng, kvar du finn dei, og korleis du går fram. Skal du gjere ein ting for helsa di i år, så start med å lage kraft! Bra for blant anna magen,immunforsvaret, huda og ledda.

🍞Heimelaga brød🍞
Vi får ofte spørsmål om oppskrift på brød i butikken, og denne kvelden er vi så heldige at Anita deler si enklaste oppskrift på heimelaga brød. Dette er oppskrifta ho sjølv bakar oftast i heimen.

🥞 Bonus 🥞
…I tillegg lagar ho smaksprøver på brødmaten som reddar kvardagen dei gongane ho ikkje har hatt tid til å bake brød. Kjapp og enkel kveldsmat i vaffeljarnet!

☀️Must haves☀️
Anita har fleire «må ha» favorittar hjå Sunkost Volda, og vi kjem til å slå til med knalltilbod på ei rekke spanande varer.

❤️Dette får du som melder deg på:❤️
– Gratis smaksprøver!
– Gode tilbod i helsekostbutikken!
– Goodiebags frå Sunkost Volda!
– Inspirasjon til å lage sunn og enkel kvardagsmat!
– Sosial kveld med godt humør!
– Og sjølvsagt moglegheit for å kjøpe/få signert kokeboka di!

Vi gleder oss til å sjå deg.
Hjelp oss gjerne å spreie ordet. Mvh Janne og Anita.


Mandag

”Squagetti” med tomatsaus

Spagetti laga av squash har dukka opp på fleire og fleire matbloggar siste året, og sjølv om eg ikkje har funne denne geniale dingsen som heiter spiralizer nokon plass, var… Fortsett å les »

Tysdag

skrei

Steikt skrei med appelsinsaus

Steikt skrei med appelsinsaus er ein nydeleg ny og frisk måte å servere skrei på. Skreien er i sesong frå januar til april og er på sitt aller beste no,… Fortsett å les »

Onsdag

jordskokksuppe med sprøstekt spekeskinke

Jordskokksuppe med sprøsteikt spekeskinke

Jordskokk er i sesong ein bitteliten del av året, og då gjeld det å nytte denne knallgode rotgrønsaka for det den er verdt. I Malaysia fann eg den under det… Fortsett å les »

Torsdag

torsk spekeskinke

Torsk med spekeskinke og jordskokkpure

Dette blei ein stor favoritt her i heimen -og har allereie hatt reprise fleire gongar, før den i det heile har kome på bloggen! Eg må nesten dele æra med kassadama… Fortsett å les »

Fredag

taco med kikerter

Taco med kikerter

Taco med kikerter er ein herleg vegetarisk versjon av den populære fredagsmiddagen. Kikerter som er steikte i omnen i staden for kjøttdeig smakar knasande godt. Vend dei inn med tacokrydder… Fortsett å les »

Laurdag

suppe med linser

Linsesuppe med lam

Linsesuppe med lam stod på menyen her 2. påskedag, som siste middag før påskegjestane reiste heim og med siste rest av påskelammet i bruk. Har du restar av lam liggande… Fortsett å les »

Søndag

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp er søndagsmiddagen som regjerer her denne tida på året. Jordleg kryddersmak frå timian blanda med sopp frå skogen og viltkjøt frå frysaren. Her blir det… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Eltefri focaccia med soltørka tomat

Ein av dei finfine tinga med å blogge er alle oppskriftene kjente og ukjente deler med meg. Det er stas og held verkeleg liv i matgleda! Denne oppskrifta fekk eg… Fortsett å les »

Noko godt

granolabar med tranebær

Granolabar

Granolabar er enkelt å lage heime og er perfekt å ha med i veska eller i sekken når du treng eit lite påfyll på vegen. Denne er søta med peanøttsmør,… Fortsett å les »

Vekas kake

rulle kake syltetøy

Rullekake med bringebær

Rullekake med bringebær er kaka du skal lage om du treng ei kake på 1-2-3 og kjøleskapet manglar krem. Egg, mjøl, sukker og syltetøy er nesten alt som skal til,… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.