Vekemeny 6

Hei søndag og hei februar!

Då var første månaden av året eit tilbakelagt kapittel, og vi merkar endeleg at det blir lysare dagar. Eg veit ikkje kor det er med deg, men denne mangelen på daglys slår like hardt ned i meg kvart år. Det er så godt når det kjem tilbake, med lovnad om litt meir for kvar dag.

Når det er sagt så blir det ekstra tid til innekos med slike lange kveldar. Den siste veka har eg lest boka til Gunnhild Stordalen, og den vil eg varmt anbefale vidare. EAT-engasjementet hennar er til å ta av seg hatten for.

Ønsker deg ei fin veke, med eller utan snømåking;)

Mandag

yakisoba wok

Yakisoba wok

Yakisoba wok er japansk stir fry som tradisjonelt blir laga med nudlar, svin, grønsaker og saus. Det finnast uttalege versjonar og oppskrifter på denne retten, ofte servert som gatemat i… Fortsett å les »

Tysdag

lakseform med parmesansaus og brokkoli

Lakseform med parmesan­saus og brokkoli

Lakseform med parmesansaus og brokkoli er ein kvardagsfavoritt her i heimen. Laks er favoritt hjå eine sonen og pasta hjå den andre. Då gjer denne retten alle glade, og vi… Fortsett å les »

Onsdag

fransk løksuppe

Gratinert løksuppe

Gratinert løksuppe er nydeleg godt samstundes som det må vere ei av dei billegaste suppene du kan lage. Perfekt for studentar som treng næringsrik mat for få kroner. Kjenner du… Fortsett å les »

Torsdag

asiatisk kylling

Kylling i spicy appelsinsaus

Kylling i spicy appelsinsaus er deilig spicy, søt og syrleg. Du kan variere kor sterk du vil ha sausen avhengig av kor mykje sriracha eller samabal oelek du har i,… Fortsett å les »

Fredag

fylt paprika

Fylt paprika med tacokjøttdeig

Fylt paprika med tacokjøttdeig er fint å servere når du har lyst på noko litt anna enn standard taco med lefser. Eller kanskje du har tacokjøttdeig til overs? Då er… Fortsett å les »

Laurdag

pizza

Pizza med chorizo og mozzarella

Botn: 2,5 dl lunka vatn 5-6 dl kveitemjøl 2 ss olivenolje 1 ts salt ½ pk tørrgjær Pizzasaus med paprika og løk: 1 ss olivenolje 1 løk 1 paprika ½-1… Fortsett å les »

Søndag

chiligryte med chorizo og sjokolade

Chiligryte med chorizo og sjokolade

Chiligryte med chorizo og sjokolade har vore ei etterspurt oppskrift etter at eg delte ein smakebit frå prosessen på Instastory. Det at to ruter sjokolade smelta i gryteretten gjorde mange… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Kvardagsbrød

Kvardagsbrød

Det er ikkje alltid vi har tid til å vente på eit eltefritt brød, men treng brød til kvelds. Då lagar vi denne versjonen, som gir tre kvardagsbrød, der to… Fortsett å les »

Noko godt

energikuler med dadler

Energikuler med kokos

Energikuler med kokos er himla enkle å lage, og så nydelege på smak. Om eg har lyst på noko godt ein føremiddag, ettermiddag eller kveld er dette ein favoritt å… Fortsett å les »

Vekas kake

ostekake med jordbær

Ostekake med jordbær

Ostekake med jordbær er laga med den heilt vanlege oppskrifta for ostekake, men pynta med litt ekstra bær. Det er slett ikkje vanskeleg, og gjer at kaka ser verkeleg flott… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.