Vekemeny 44

Håper du har hatt ei fin helg og er klar for kvardag igjen. Eller kvardag og kvardag. Onsdag brakar det laus med Halloween, og har du som meg born heime så veit du at det slett ikkje går upåakta hen. Snakk om barnsleg glede! Her har dei talt ned sidan i fjor, og Halloween blir snakka meir om enn julaftan.

Det blir med andre ord utkledning, knask eller knep her i heimen på onsdag. Feirar de Halloween? Send meg ein snap eller gi meg eit vink på Instagram slik at eg får sjå då vel!

Ha ei fin veke, anten med eller utan Halloween-feiring:)

Vekemeny 44

Mandag

blomkålvinger

Blomkålvingar

Blomkålvingar er ein av dei beste måtane å servere blomkål på. Utan tvil! Det er ikkje vanskeleg å lage heller, men blomkålen må få litt tid i omnen før det… Fortsett å les »

Tysdag

hjemmelagde fiskepinner med corn flakes

Heimelaga fiskepinnar

Fiskepinnar er enkelt og raskt å lage sjølv, og smakar så mykje bedre enn dei du finn i fryseboksen på butikken. Dette er mat som er stas å lage saman… Fortsett å les »

Onsdag

jordskokksuppe med sprøstekt spekeskinke

Jordskokksuppe med sprøsteikt spekeskinke

Jordskokk er i sesong ein bitteliten del av året, og då gjeld det å nytte denne knallgode rotgrønsaka for det den er verdt. I Malaysia fann eg den under det… Fortsett å les »

Torsdag

Shepherd´s pie

I fjor ein gong hengde Rema 1000 opp store flagg med bilete av Shepherd´s Pie og Erling Sundal, og det dukka opp variantar av denne middagsretten på nær alle matbloggar…. Fortsett å les »

Fredag

tortilla kylling nuggets

Tortilla med kyllingnuggets

Tortilla med kyllingnuggets er crispi og godt, og kan varierast slik at alle rundt bordet får sin favoritt. Eit must for min del er avokadodressing, men du kan gjerne bruke… Fortsett å les »

Laurdag

glutenfri kvit pizza med spinat, rødløk og valnøtter

Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter

Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter er ein variant av den kvite pizzaen med creme fraiche som base i pizzasausen. Resultatet blir mild pizza med reine smakar, der toppingen… Fortsett å les »

Søndag

lam

Braisert lammeskank med marokkansk curry

Braisert lammeskank høyres spanande og vanskeleg ut, men tyder berre at du skal brune kjøtet før du legg det i ei gryte med lokk og let det steike/koke vidare i… Fortsett å les »

Noko godt

lava cake

Lavakake

Lavakake eller sjokoladefondant er små, varme porsjonsstykker av sjokoladekake med flytande kakerøre midt i. Nyyyydeleg, og like imponerande å servere kvar gong. Skilnaden frå perfekt kake til for lite eller… Fortsett å les »

Brødmat

polarbrød med havre

«Polarbrød» med havregryn

«Polarbrød» med havregryn er populært å ha med i matpakken både for små og store. Desse heimelaga var ikkje mindre populære enn dei butikk-kjøpte. Og ja vi kjøper faktisk buttikbrød… Fortsett å les »

Vekas kake

bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær er fløyelsmjuk ostekake som verkeleg er ein høydare på eit kvart kakebord. Med blåbær gøymt inne i kaka og på toppen blir det i tillegg knallfarge!… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.