Reklame

Ratatouille

Ratatouille er ein veldig kjent grønsaksrett frå Frankrike som er vel verdt å bli kjent med. Fargerike grønsaker i ei herleg blanding. Både aubergine og squash eg gjerne vil bruke meir av på kjøkkenet, og det får ein i denne retten. Finn fram kniv og skjærebrett og gå i gong!

aubergine

Ratatouille

Ratatouille kan lagast med store eller små bitar, eller med grønsaker i skiver. Det er fritt fram og heilt opp til deg som står med kniven klar. Eg har valt å steike aubergine og squash først, slik at dei får ei nydeleg steikeskorpe. Det anbefalast varmt vidare, for ekstra god smak.

ratatouille

Ratatouille kan serverast som ein vegetarrett åleine, eller som tilbehør til kylling, kjøt eller fisk. Som vegetarrett smakar den aller best med godt brød og smør til. Og så er retten nydeleg som restemat!

ratatouille

Oppskrift på Ratatouille

4 porsjonar / Tid: 45 min

  • 5-6 ss olivenolje
  • 1-2 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ts timian
  • 1 ts basilikum
  • 1 aubergine
  • 1 squash
  • 1 raud paprika
  • 1 gul paprika
  • 400 ml Helios hakka tomat
  • 1 ss balsamicoeddik
  • 1/2 sitron
  • 1 ts salt + ekstra
  • 1/2 ts pepar
  1. Del auberginene i to på langs, og så i skiver som du deler i to. Legg på ein tallerken og strø godt med salt over. La stå med saltet på medan du deler opp dei andre grønsakene. Dette er for å fjerne bitterstoffa.

  2. Del løk i tynne båtar og finhakk kvitløken. Del squash på same måte som auberginen og del paprika i bitar på ca en cm.

  3. Skyl av saltet på auberginbitane, bruk gjerne eit dørslag.

  4. Varm litt av oljen i ei gryte og steik auberginbitane til dei har fått farge. Legg så til side på ein tallerken og gjer det same med squashen. Kanskje må du gjere dette i fleire omgongar, og du må fylle på med olje innimellom.

  5. Varm meir olje i gryta og ha i løken saman med timian og basilikum. La surre til løken er blank. Ha i kvitløk og la steike med i 1-2 minutt.

  6. Ha paprika, squash og aubergine i gryta og hell over hakka tomat og balsamicoeddik. Rør inn saltet og bland gryta medan med småkokar. La det småkoke under lokk i 20-30 minutt.

  7. Riv (det gule) skalet på sitronen og rør inn saman med sitronsafta.

  8. Server gjerne ratatouille med godt brød, pasta eller ris til.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.