Vekemeny 40

Vekemeny 40 betyr at søndagen atter er her igjen og i tillegg er det første veka i oktober! No er det unekteleg haust, og det har vêret her på Sunnmøre verekeleg vist oss. All nedbør som ikkje kom i sommar har vore samla siste vekene, og den frykta straumprisen er tom trussel. Med snø på fjella og vind som ular er det berre ein ting å gjere. Tenne lys og drikke varm te. #nåkoservioss

I tillegg til å tenne lys og drikke te har eg prøvd meg skikkeleg på videoredigering dei siste vekene. Fyttikatta så mykje å sette seg inn i. Men herligheit så gøy. Alltid kjekt å lære noko nytt! Klikk deg inn på YouTube-kanalen til Kvardagsmat her, og hugs å klikke ABONNER. Då får du varsel kvar gong det kjem ein flunka ny video. Eg håper det kjem mange etterkvart;)

Her ser du ein av flimane eg har jobba med:

 

Vekemeny 40

Håper du finn noko som fristar! Og hugs å tagge @kvardagsmat om du lagar noko frå bok eller blogg:) Alltid så stas å sjå kva de lagar!

Mandag

blomkålsuppe kokosmelk

Krema blomkålsuppe med kokosmelk

Blomkålsuppe er ein klassikar som er fin å servere både som forrett, lunsj, middag eller kvelds. Denne versjonen har kokosmjølk i seg, som gjer den deilig krema. Mjuk og god… Fortsett å les »

Tysdag

Kjapp kyllingwok med fennikel

2 kyllingfiletar 1ss soyasaus 1ss sweet chili saus 2 gulrøter 4 asparges 2-3 vårløk ½ raud paprika ½ fennikel Del kyllingen i bitar og legg den i ein brødpose saman… Fortsett å les »

Onsdag

asiatisk risnuddel

Asiatiske risnudlar med grønsaker

Asiatiske risnudlar med grønsaker er «comfort food» som du slurpar i deg med gaffelen i eine handa og tallerkenen i andre. Deilige asiatiske smakar blanda med risnudlar og friske grønsaker…. Fortsett å les »

Torsdag

nachos med torsk

Nachos med torsk

Nachos med torsk høyres kanskje noko rart ut, men dette må du prøve! Fisken er krydra med tacokrydder, og rundt bordet fann ein raskt ut at det likna kylling. Kvit… Fortsett å les »

Fredag

enchilladas

Enchiladas med bønner

Enchiladas med bønner Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med… Fortsett å les »

Laurdag

hønse frikassè

Hønsefrikassé

Hønsefrikassé er gløymt kvardagsmat som burde kome til sin rett igjen! Høne er billeg og godt kjøt som vi burde ete mykje meir av i staden for kylling. Eg betalte… Fortsett å les »

Søndag

får i kål

Fårikål

Fårikål er haust og tradisjonar. At ein kan få til noko så godt med så få ingrediensar er sjarmerande, og så er det kjekt med middag som lagar seg sjølv…. Fortsett å les »

Noko godt

raw almond treat

Rå mandelkonfekt

Rå mandelkonfekt Rå mandelkonfekt er ein vri av den nydelege rå snickers konfekten. Sidan eg kjenner fleire som ikkje toler peanøtter måtte vi lage ein versjon utan peanøttsmør og nøtter, slik… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Eltefri focaccia med soltørka tomat

Ein av dei finfine tinga med å blogge er alle oppskriftene kjente og ukjente deler med meg. Det er stas og held verkeleg liv i matgleda! Denne oppskrifta fekk eg… Fortsett å les »

Vekas kake

sviskekake

Sviskekake

Sviskekake er ei kake som folk gjerne har eit elsk eller hat forhold til. Eller så må du rett og slett blir vaksen for å like den? Eg trur kanskje… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.