Digge pastarettar

Digge pastarettar er perfekt å slenge saman når du kjem heim etter ein deilig dag på stranda, eller ein travel dag på jobb. Her finn du altså kjappe og gode middagar anten du har ferie eller framleis er på jobb. Håper du likar desse «alternative» vekemenyane no i juli. Førre veke var det gode salatar, klikk på lenka så finn du dei. Ha ei fin sommarveke!

Følg meg gjerne på Instragram for fine fjellturar og enkel kvardagsmat: @kvardagsmat

galten

Digge pastarettar

spagetti med kylling og soltørka tomat

Spagetti med kylling og soltørka tomat

Spagetti med kylling og soltørka tomat er ein enkel kvardagsfavoritt som gjerne blir laga dagen etter at vi har kokt kyllingkraft. Kyllingkraft er helgeaktivitet å koke, og då sit ein… Fortsett å les »

vegetar pasta

Pasta med sjampinjong og spinat

Pasta med sjampinjong og spinat blei til etter å ha sett instastoryen til Deliciously Ella her ein kveld. Det var tett før eg laga pasta klokka halv elleve ein kveld…. Fortsett å les »

pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado er ein rask og enkel middag som smakar nydeleg godt. Grønt er godt! Med sprøsteikt bacon og milde avokadobitar innimellom blir dette ein digg… Fortsett å les »

krema kylling med spaghetti

Krema kylling og spagetti

Krema kylling og spagetti med både bacon og ruccola i seg er gode smakar som gir ein digg rett. Enkelt, raskt og skikkeleg kosemat som gjerne kan serverast ein kveld… Fortsett å les »

rask enkel pasta

Easy peasy pasta

Easy peasy pasta er middagen du treng den dagen du ikkje har tid til å lage middag. Du veit når det er strålande sol ute og du vil berre få… Fortsett å les »

Spagetti Carbonara

Spagetti Carbonara er middag laga i ein fei og fantastisk godt! Med krema saus med deilige baconbitar i passar denne like bra på ein kvardag som ein helgekveld du vil ha noko… Fortsett å les »

krema spagetti med sjampinjong og chorizo

Krema spagetti med sjampinjong og chorizo

Krema spagetti med sjampinjong og chorizo er kjapp og lett å lage, og god å ete. Akkurat det ein treng frå etter fullført jobb og skule. Eller kanskje det du… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.