Vekemeny 26

Siste vekemeny for juni, og første veka i den lange skuleferien.  Hurra for null lekser og god tid! I månaden som kjem lurer eg på å setje vekemenyane på pause, og heller lage eigne innlegg med sommarmat av ulikt slag. Eg har ikkje heilt bestemt meg endå, så følg med neste søndag for å sjå kva det blir. Har du innspel eller ønskjer er det berre å sende meg. Eg tek i mot innboks både på mail, insta og face.

Når sommarferien startar kjem sjølvsagt regnet også hit til Sunnmøre. Eg berre nemner det: skal du reise hitover må du kome i mai eller september-oktober. Då er det flott her! No er det eigentleg berre laksefiskarane som er nøgde med vêret… Vi andre reiser heller ein tur på ferie til tørrare klima. Eit lite tips der altså.

Ha ei fin veke! Anten med eller utan ferie:)

Mandag

kikertsalat

Kikertsalat

Kikertsalat er perfekt tilbehør til grillmat eller faktisk som ein eigen vegetarrett om det fristar meir. Kikerter er kjapt å blande saman med grønsaksfavorittane, og smakar ekstra godt om du… Fortsett å les »

Tysdag

tunfisksalat

Tunfisksalat

For nokre veker sidan var eg i Oslo, og sidan eg først var i storbyen besøkte eg Ina frå Mat på bordet i same slengen. Ho har innreidd ny matverkstad… Fortsett å les »

Onsdag

krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon smakar godt og er fin på farge. Grønt er kult! Med sprøsteikt bacon på toppen og fløyte i suppa er dette luksusversjonen av grønsaksuppa. Krema,… Fortsett å les »

Torsdag

lasagne med laks og spinat

Lasagne med laks og spinat

Lasagne med laks og spinat er utan tomatsaus som i den vanlege lasagnen, men har lasagneplater og krema saus. Fyll godt på med spinat og ikkje ver redd for å… Fortsett å les »

Fredag

krema kylling med spaghetti

Krema kylling og spagetti

Krema kylling og spagetti med både bacon og ruccola i seg er gode smakar som gir ein digg rett. Enkelt, raskt og skikkeleg kosemat som gjerne kan serverast ein kveld… Fortsett å les »

Laurdag

søtpotet pizza

Søtpotetpizza med kvit topping

Dette er ein av mine store favorittar og noko eg ofte lagar til meg sjølv når eg har lyst på litt betre lunsj eller er fysen på noko på kveldstid…. Fortsett å les »

Søndag

tortilla kylling nuggets

Tortilla med kyllingnuggets

Tortilla med kyllingnuggets er crispi og godt, og kan varierast slik at alle rundt bordet får sin favoritt. Eit must for min del er avokadodressing, men du kan gjerne bruke… Fortsett å les »

Noko godt

bringebær is

Bringebæriskrem

Har du lyst til å lage heimelaga iskrem men manglar iskrem-maskin? Då er dette oppskrifta for deg! Ved å nytte ei boks søt kondensert mjølk slepp du unna både å… Fortsett å les »

Brødmat

glutenfritt bokhvetebrød

Bokhvetebrød med solsikkekjerner

Bokhvetebrød med solsikkekjerner er laga med bokhvete som hovudingrediens. Bokhvete er ikkje i slekt med kveitemjøl (hvetemel), sjølv om det kan høyrast slik ut på namnet, men er faktisk ei… Fortsett å les »

Vekas kake

suksessterte i langpanne

Suksessterte i langpanne

Suksessterte i langpanne er ein fin måte å få laga ekstra mykje av denne gode kaka. Som namnet tilseier er denne kaka ein suksess å servere, og ofte den som… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.