Vekemeny 24

Vekemeny 24 er klar, med inspo til kva du kan sette på middagsbordet i den komande veka. Kanskje skal du på avslutning med klasse eller barnehage? Då gjeld det å planlegge rundt dette, slik at det slepp å bli stress etter jobb. Kva kan du lage til middag dagen før? Kan du kanskje ta med nokre restar på avslutninga? Med ein plan går alt så mykje lettare.

Har du forresten fått kika på det siste innlegget som gir deg tips til mat å ta med når det er grillforbod? Klikk her og finn inspo!

Ha ei strålande veke!

Mandag

Tomat- og mozzarellasalat

Tomat- og mozzarellasalat

Tomat- og mozzarellasalat er på sitt beste når tomatane er i sesong. Finn du ulike typar tomatar så er det perfekt å blande dei i denne enkle salaten, det både… Fortsett å les »

Tysdag

verdens beste fiskesuppe

Krema fiskesuppe med sei

Eg kjøpte fersk sei i fiskedisken i går og fekk plutseleg lyst på fiskesuppe. Deilig krema fiskesuppe med kremfløyte og eggeplomme saman med haustens grønsaker. Og fiskesuppe er verkeleg noko… Fortsett å les »

Onsdag

sellerirotsuppe

Sellerirotsuppe med sjampinjong og bacon

Sellerirotsuppe med sjampinjong og bacon er suppe med mykje smak som mettar godt. Smakfull suppe med sprø og god topping er perfekt middag. Har du godt brød liggande serverer du… Fortsett å les »

Torsdag

tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing er laga på under tretti minutt og er difor perfekt til rask middag ein heilt vanleg kvardag -men faktisk god nok til å… Fortsett å les »

Fredag

enkel kylling satay

Kylling satay og peanøttsaus

Kylling satay og peanøttsaus var alltid safe å velje frå menyen uansett kvar vi skulle ete det året vi tilbrakte i Asia. Dette er ein rett som det finnast veldig… Fortsett å les »

Laurdag

grilla makrell med agurksalat

Grilla makrell med agurksalat

Vi har brukt mykje tid ute i båt i vår, med fisketroda klar. Resultatet har blitt fiskekaker, øving på filetering (treng framleis ganske mykje øving der gitt) og introduksjon for… Fortsett å les »

Søndag

grilla lammekoteletter med myntedressing

Grilla lammekotelettar med myntedressing

Grilla lammekotelettar med myntedressing er deilig grilla kjøtt med frisk mynte på toppen. Pass på at du grillar på høg varme dei første minutta slik at du får med den… Fortsett å les »

Noko godt

Vannmelon-ispinne

Vannmelon-ispinne

Vannmelon-ispinne er ein av dei enklaste ispinnane å lage og krev minimalt med ingrediensar. Når sant skal seiast kan du vel eigentleg berre fryse vannmelon, og så har du fiks… Fortsett å les »

Brødmat

oppskrift eltefrie brød

Eltefritt linfrøbrød

Eltefritt linfrøbrød er laga på samme prinsipp som alle eltefrie oppskriftene. Du rører raskt saman ingrediensane, og då meiner eg røre ikkje elte, og let deiga heve på benken over… Fortsett å les »

Vekas kake

Sjokolade- og chiliterte

Sjokolade- og chiliterte

Å lage terte er slett ikkje vanskeleg, men du treng litt tid. Om du innfinn deg med at du må gjere ting litt etappevis er dette ein fin-fin dessert å… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.