Vekemeny 20

Vekemeny 20 betyr inget annet enn at 17. mai er i kjømda. Det er straks klart for kakebakst, dugnad og tog. I gjeldande rekkefølge. Vi kryssar fingrane for like fint vêr som i fjor, då var vi solbrende alle mann når kvelden kom. Ha ei fin feiring anten du skal til fjells, til byen eller feirar på ein plattform i nordsjøen;)

Legg ved eit lite glimt frå søndagsturen vår siste veke til Muletua i Herøy. Ytre Sunnmøre er gull når snøen ligg langt nedover fjellsiden her inne. Følg meg gjerne på Instragram for fleire glimt frå den flotte naturen vi har her i nordvest. Eg blir bergteken kvar einaste dag. @kvardagsmat

vekemeny 20

Vekemeny 20

Mandag

halloumi i pitabrød

Halloumipita

Halloumipita er ein fin vegetarrett som er rask å snekre saman og smakar godt. Halloumi har ikkje vore så lett å få tak i her i distriktet, men no finn… Fortsett å les »

Tysdag

laks med spicy mango

Grilla laks med spicy mango

Eg fekk nyleg ein flunkande fersk vill-laks frå ein ivrig laksefiskar-svoger! Sånt er jo fantastisk kjekt for ein hobby-matbloggar som meg, og gjer det ekstra stas å lage middag. Ved… Fortsett å les »

Onsdag

fransk løksuppe

Gratinert løksuppe

Gratinert løksuppe er nydeleg godt samstundes som det må vere ei av dei billegaste suppene du kan lage. Perfekt for studentar som treng næringsrik mat for få kroner. Kjenner du… Fortsett å les »

Torsdag

brokkolisalat med jordbær og pistasjenøtter

Brokkolisalat med jordbær og pistasjenøtter

Sommaren er ikkje heilt over – sjølv om det kom snø i fjella her på Sunnmøre i går! Vi håper at den forsvinn like fort som den kom, og nektar… Fortsett å les »

Fredag

Kvit pizza med spekeskinke og blåmuggost

Kvit pizza med spekeskinke og blåmuggost har creme fraiche i staden for pizzasaus og smakar nydeleg godt! Botn: 300 g (ca 5dl) kveitemjøl 3 dl lunka vatn ½ pk tørrgjær… Fortsett å les »

Laurdag

enkel kylling tikka masala

Kylling Tikka Masala

Vi såg den herlege indiske filmen «The Lunchbox» her for nokre dagar sidan. og då måtte eg leite opp mi indiske lunsjboks og lage deilig middag med garam masala krydder…. Fortsett å les »

Søndag

hønse frikassè

Hønsefrikassé

Hønsefrikassé er gløymt kvardagsmat som burde kome til sin rett igjen! Høne er billeg og godt kjøt som vi burde ete mykje meir av i staden for kylling. Eg betalte… Fortsett å les »

Noko godt

Havrekjeks med sjokoladebitar

Dette er favorittkjeksa til eldstemann på fem og han har vore med på å lage dei sidan han var to år. Då kom nemleg oppskrifta for første gong på Trines… Fortsett å les »

Brødmat

rundstykkerose

Valnøttroser

Valnøttroser er ekstra flotte å sjå på og er grove og gode rundstykker å setje på bordet. Den fine rosa får du ved trille ei pølse som du slår ein… Fortsett å les »

Vekas kake

Verdens Beste – Kvæfjordkake

Verdens Beste – Kvæfjordkake. Denne kaka treng vel neppe å bli introdusert? Den har blitt kåra til Noregs beste kake fleire gongar og går like ofte under namnet «Verdens Beste»… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.