Reklame

Sjokolade med karamellkrokan

Sjokolade med karamellkrokan er lett å lage, og krev få ingrediensar. Mørk sjokolade er ein stor favoritt hjå meg, og kvar dag et eg ein knekk saman med ettermiddagskaffien. I kid you not. Men det kan vere kjekt med litt variasjon, og der kjem denne sjokoladen inn i biletet. Hakka mandlar, karamellsmak frå kokosblomstsukker og litt salt frå smøret passar perfekt til mørk sjokolade.

Sjokolade med karamellkrokan

Sjokolade med karamellkrokan

Finn ein sjokolade du likar godt, smelt den over vassbad og topp med ingrediensane under. Perfekt kombo til kaffi. Og enkel nok å lage til å nyte på kvardagar.

Sjokolade med karamellkrokan

Her finn du ein versjon med pistasjenøtter og tranebær.

sjokolade mandel krokan

Oppskrift på Sjokolade med karamellkrokan

1-2 porsjon / Tid: 15 min

  • 100 g mørk sjokolade
  • 2 ss Helios mandlar
  • 1 ss Helios kokosblomstsukker
  • 1/2 ts smør
  1. Grovhakk mandlar.

  2. Ha mandlar, smør og kokosblomstsukker i ei lita steikepanne på middels varme. Rør rundt til smøret og sukkeret er smelta. Hell over på eit bakepapir og la stivne.

  3. Smelt sjokolade over vassbad.

  4. Hakk karamellmandlande i finare bitar.

  5. Hell sjokolade over i ei form kledd med folie. Bruk gjerne ei form som er om lag like stor som sjokoladeplata du brukar. Strø karamellmandlane over og set til avkjøling i kjøleskap i minst 30 min.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.