Reklame

Eggepanne med rosettkål

Rosettkål er perfekt å ha i ei panne med andre godsaker, sidan den ikkje treng lang tid før den er ferdig. Her får du oppskrift på ein digg helgefrukost eller lunsj, som gjer godt for kroppen. Rosettkål blir rekna som supermat og er ei næringsbombe. Den er rik på vitamin A, E, K og C. I tillegg til vitamin B6 og folat, samt kalsium og kalium. Med eit egg eller to på toppen er du verkeleg klar for å møte dagen, og har gitt kroppen din den beste starten.

flower sprout eggepanne med rosettkål

Rosettkål er ei nyheit frå Gartner, som kom på marknaden i 2015. I England kom på marknaden i 2010, etter 15 års testing for å finne den rette smaken. Rosettkål ser ut som ein blome, og det fine engelske namnet flower sprout kling nesten like fint som det norske. Plukk med deg grønsaksnyheita neste gong du er i butikken. Test ut denne nye kålen med mild nøttesmak du òg!

Eggepanne med rosettkål

eggepanne med rosettkål

Oppskrift på Eggepanne med rosettkål

2 porsjonar / Tid: 10-15 min

  • 1 sjalottløk
  • 1 pakke (130 g) rosettkål
  • 3 egg
  • 5-6 cherrytomat
  • 1 klype chilipulver
  • Salt og pepar
  • 2-3 ss valnøtter
  1. Del løk i bitar og rosettkål i to.

  2. Fres løken i smør/olje til den blir blank.

  3. Ha i rosettkål og la steike med i 1-2 minutt, slik at dei fell litt saman. Bland inn chilipulver, salt og pepar.

  4. Lag 3 fordjupningar i panna og knekk egga i.

  5. Del tomatane og fordel utover.

  6. Legg på eit lokk og skru ned varmen. La steike til egga er slik du likar dei.

  7. Strø hakka valnøtter over og krydre med ekstra salt og pepar før servering.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Gartner

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!