Vekemeny 47

Vekemeny 47 er hermed servert, og med det ønskjer eg som alltid at du finn inspirasjon til kva du kan lage i den komande veka. Litt planlegging med innkjøp gjer at middagen kan kome på bordet sjølv på dei travlaste ettermiddagane. Har du ein dag med litt ekstra tid så kanskje du kan lage dobbel porsjon og berre varme restane på den travle dagen etter? Eller kanskje kan de ete middag litt seinare? Med ein plan går alt enklare!

Ha ei fin veke!

vekemeny 47

Vekemeny 47

Mandag

krema blomkål

Krema blomkål- og potetgrateng

Krema blomkål- og potetgrateng er fint å servere som ein lett liten rett i seg sjølv, eller som digg tilhøyr når du diskar opp med fisk eller kjøtrettar. Retten er… Fortsett å les »

Tysdag

tunfisksalat

Tunfisksalat

For nokre veker sidan var eg i Oslo, og sidan eg først var i storbyen besøkte eg Ina frå Mat på bordet i same slengen. Ho har innreidd ny matverkstad… Fortsett å les »

Onsdag

verdens beste fiskesuppe

Krema fiskesuppe med sei

Eg kjøpte fersk sei i fiskedisken i går og fekk plutseleg lyst på fiskesuppe. Deilig krema fiskesuppe med kremfløyte og eggeplomme saman med haustens grønsaker. Og fiskesuppe er verkeleg noko… Fortsett å les »

Torsdag

skrei

Steikt skrei med appelsinsaus

Steikt skrei med appelsinsaus er ein nydeleg ny og frisk måte å servere skrei på. Skreien er i sesong frå januar til april og er på sitt aller beste no,… Fortsett å les »

Fredag

tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling fekk eg servert hjå ei venninne tidlegare i år, og oppskrifta måtte sjølvsagt vere med heim for å dele vidare. Det som gjorde utslaget var at ho… Fortsett å les »

Laurdag

krema kyllingform

Krema kyllingform

Krema kyllingform har milde smakar og er lett å lage. Det er kjapt forklart bitar av steikt kylling, litt løk og spinat saman med fløyte. På toppen av det heile… Fortsett å les »

Søndag

pita med tzatziki

Lammepita med myntepesto og tzatziki

Lammepita med myntepesto og tzatziki er nydeleg mat som er enkel å nyte fleire dagar på rad. Dette er mat som det er perfekt å få restar av, og som… Fortsett å les »

Noko godt

smuldrepai med epler

Smuldrepai med epler

Smuldrepai med epler er ein super måte å bruke haustens epler på. Smuldredeig kan du lage både med og utan kjøkkenmaskin tilgjengeleg, noko som gjer dette til ei fin oppskrift… Fortsett å les »

Brødmat

langpannebrød med havregryn og cottage cheese

Langpannebrød med havregryn og cottage cheese

Langpannebrød med havregryn og cottage cheese er ein ny vri på favoritten Proteinrundstykke. I staden for å lage rundstykker fordeler du deiga/røra i ei lita langpanne og steiker eit langpannebrød…. Fortsett å les »

Vekas kake

verdens beste kladdkake

Kladdkake

Kladdkake er kaka du rører saman i kasserolla og så heller rett i kakeforma. Inn i omnen i nokre kjappe minutt medan du ryddar kjøkkenet, og så til avkjøling i… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.