Karamellpudding

Karamellpudding er jul og familieselskap og alt på ein gong. Deilig karamellsaus, krema pudding og vispa krem på toppen. Nydeleg! Og så er det slett ikkje så vanskeleg å lage som du trur. Her får du mine triks, så blir karamellpuddingen din vellukka på første forsøk!

karamellpudding

Karamellpudding

karamellpudding

Karamellpudding lagar ein med egg saman med mjølk eller fløyte. Eg synest karamellpuddingen får mjukast og best konsistens når eg brukar berre H-mjølk, men her er smaken som baken. Om du vil kan du bytte ut 1-2 dl av mjølka med fløyte i staden.

hjemmelaget karamellpudding

Karmellpudding-tips

  1. Lag karamellpudding minst dagen før den skal serverast. Den treng tid for å bli avkjølt og setje seg. Karamellpudding held seg i fleire dagar i kjøleskap, så du kan lage denne fleire dagar før den skal på bordet.
  2. Ikkje visp egga. Ein vil ha minst mogleg luft inn i blandinga, slik at ein unngår piper og småhol. Visp eller rør egga lett saman slik at dei er ei jamn masse, men ikkje noko meir enn det.
  3. Steik karamellpuddingen i vassbad på låg temperatur. Brukar du litt lenger tid og litt lavare temperatur unngår du også piper og småhol. Lag difor karamellpudding ein dag du har tid til å la den stå i omnen  1,5-2 t før den er ferdig. Perfekt kveldsjobb altså, du treng jo ikkje stå og sjå på medan den steiker;)
  4. NYTT TIPS: etter at eg har publisert denne har eg fått fleire tips om at ein ikkje treng å varme opp mjølka før ein blandar den med egga. Dette var noko ein måtte gjere før då mjølka ikkje var pasteuristert, men er altså overflødig no. Endå enklare å lage karamellpudding då altså!
verdens beste karamellpudding

Oppskrift på Karamellpudding

6-8 porsjonar / Tid: 2 t

  • 100 g sukker til karamell
  • 5 egg
  • 6 dl H-mjølk
  • 4 ss sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  1. Set omnen på 120 grader over- og undervarme. Set ei langpanne midt i omnen og fyll den med ca 2 liter vatn, til det går nesten heilt opp til kanten.

  2. Finn fram ei brødform på 1-1,5 liter.

  3. Smelt sukkeret til karamell, anten direkte i forma du skal bruke eller i ei lita kasserolle. Ikkje rør i sukkeret, men vend heller litt rundt på forma/kasserolla slik at alt blir smelta og blanda. Det er nok at karamellen dekkjer botnen, den treng ikkje gå opp etter kantane på forma.

  4. Varm opp mjølk, vaniljesukker og sukker under omrøring til alt sukkeret er oppløyst. Veska treng ikkje å koke (som du kan lese om i tips over her). Trekk så kasserollen til side og la det avkjøle litt.

  5. Visp egga lett saman, berre slik at dei akkurat er jamt samanblanda.

  6. Hell mjølkeblandinga over egga litt etter litt, og rør det saman.

  7. Hell blandinga gjennom eit dørslag over i brødforma. På denne måten unngår du eggekvite-trådar.

  8. Set forma midt i langpanna med vatn og steik karamellpuddingen i ca 1,5 timar. Sjekk at den er ferdig ved å leggje ei spiseskei på toppen. Puddingen skal vere fast i overflata men framleis dissande.

  9. Avkjøl forma på rist, og dekk så til med plastfolie og set i kjøleskap over natta. NB! La langpanna med varmt vatn stå igjen i omnen til det er avkjølt. Her er det lett å brenne seg.

  10. Skjær langs kanten med ein kniv og legg eit fat opp ned over forma. Snu alt rundt og løft av brødforma slik at karamellsausen legg seg rundt puddingen. Oppbevar kjøleg fram til servering.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.