Vekemeny 37

Søndag betyr planlegging av den komande veka og Vekemeny 37 er på plass. Kva aktivitetar var det denne veka? Foreldremøte eller selskap? Fint vêr? Båttur? Fjelltur? Har du ønskjer for veka? Eller blir det godt med tid til å kokkelere og bake etter jobb? Kvardagen altså. Herleg!

Vekemeny 37

Følg meg gjerne på Instagram for meir @kvardagsmat

Mandag

Frittata med italiensk pølse

Frittata er italiensk omelett eller ein variant av quiche om du vil. Suverent enkelt, og kan varierast alt etter kva du har i kjøleskåpet. Med egg som base er det… Fortsett å les »

Tysdag

spaghetti med enkel saus

Spaghetti med enkel saus

Spaghetti med enkel saus er enkel og god kvardagsmiddag! Det er ingen grunn til å kjøpe ferdig pastasaus på glas, dette lagar du raskt og enkelt sjølv -heilt utan tilsetjingsstoff… Fortsett å les »

Onsdag

quinoa

Ovnsbakt laks med krema spinat og quinoa

Enkel middag med laks som er lett å like og som har supert tilhøyr. Quinoa er nemleg kalla «superfrøet» fordi det innheld så mange næringsstoff. Spinat på toppen av det… Fortsett å les »

Torsdag

Kjøttkaker i sjysaus

Kjøttkaker i sjysaus eller heimelaga kjøttkaker treng vel eigentleg ikkje noko introduksjon i det heile tatt. Klassisk kvardagsmat som er populært både hjå små og store. Det tek ikkje lenger… Fortsett å les »

Fredag

Lammekjøttbollar i pita med tzatziki

Lammekjøtt er tilgjengeleg på alle butikkar her i KL, men får du ikkje tak i det på din lokale butikk i Norge kan du fint bruke vanleg storfekjøtt/kjøttdeig. Dette er… Fortsett å les »

Laurdag

Nachos

So enkelt og so godt! Krydra kjøttdeig med litt futt i og tortillachips rundt kanten. Ein liten svipptur inn i steikeomnen for å smelte osten og vips er det klart… Fortsett å les »

Søndag

sommarfulg-kylling

Sommarfugl-kylling med omnsbakte rotgrønsaker

Sommarfugl-kylling er heiltsteikt kylling bretta som ein sommarfugl. Du fjernar ryggbeinet på kyllingen (du kan også fjerne brystbeinet, men det er ikkje nødvendig), og brettar kyllingen flat slik at den… Fortsett å les »

Noko godt

Havrekjeks med sjokoladebitar

Dette er favorittkjeksa til eldstemann på fem og han har vore med på å lage dei sidan han var to år. Då kom nemleg oppskrifta for første gong på Trines… Fortsett å les »

Brødmat

Søndags-scones

Manglar du brød? Då er scones redninga for å få til ein god frukost. Kna raskt saman deiga og steik dei med det same. Når du er ferdig på badet… Fortsett å les »

Vekas kake

tilslørte bondepiker

Tilslørte bondepiker

Hausten er her, og det betyr eplesesong! Bruk epla medan dei er norske og ferske, som her i denne enkle men populære desserten. Tilslørte bondepiker er genial dessert å servere… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.