10 middagar som er fine å fryse

Kom kvardagen litt brått på deg òg? Blei det ein brakstart med jobb, skule og ettermiddagsaktivitetar? Då er det ingenting som gjer meg gladare enn å kunne hente ein ferdig middag i fryseboksa. Null stress, digg mat. Her har eg samla ti favorittar som er kjekk å ha på lur. Bruk ein ettermiddag du har overskot, eller ein helgedag det regnar, og fyll opp frysaren din.

lasagne
vekemeny 14Lasagne, anten med eller utan kjøt. Lag dobbel porsjon og frys den eine forma. Lasagnen kan frysast både usteikt og steikt, det er opp til deg. Du kortar uansett ned steiketida mykje ved å la lasagnen tine i kjøleskapet før du steiker den. Veit du at du skal ha lasagne til middag dagen etter så er det smart å ta den ut av frysaren og setje den i kjøleskapet før du legg deg.

fiskegrateng med kokosmjølk og blomkål

pølse og makaronigratengFiskegrateng og pølsegrateng kan også frysast både steikt og usteikt. Dei same tipsa som står over for lasagnen gjeld her òg.

gode kjøttkakerfiskekaker med karamellisert løk
Kjøttkaker og fiskekaker er fine å lage mykje av når du først er i gong. Dei treng berre å steikast på kvar side slik at dei får ei steikeskorpe og held saman, så blir dei ferdigsteikt når du varmar dei. Kjøttkaker lagar du enkelt klart ved å lage brun saus og legge dei frosne kakene rett i sausen. Fiskekaker varmar du anten i saus, i steikepanne eller i steikomn til dei er gjennomvarme.

hønsefrikassé 2.0lapskausHønsefrikassé og lapskaus er middag som smakar like bra eller bedre når det blir varma opp igjen. Du varmar det enklast opp ved å ha det i ei gryte med litt vatn. Ved å ha vatn i botnen av gryta unngår du at det brenn seg fast før det tinar, og det varme vatnet vil hjelpe til å varme opp. Legg på lokk på gryta og prøv å røre i det jamt medan det tiner. Har du vore smart og la det stå i kjøleskapet over natta er det berre å varme direkte i gryta under omrøring.

kyllingkraft

Kraft er supert å ha på lur i frysaren. Du kan slenge saman ei enkel nuddelsuppe eller ei blomkålsuppe. Eller du kan ha kraft pluss ei pakke frosen lapskausblanding og nokre pølser i bitar i ei gryte og diske opp med enkel lapskaus på 15 minutt. Kyllingkraft kan brukast til alt, kraft av rekeskall gir deilig fiskesuppe.

10 middagar som er fine å fryse

  1. Lasagne
  2. Lasagne med grønsaker
  3. Fiskegrateng
  4. Pølse- og makaronigrateng
  5. Kjøttkaker
  6. Fiskekaker
  7. Hønsefrikassé
  8. Lapskaus
  9. Kyllingkraft – til deilig nuddelsuppe eller blomkålsuppe
  10. Kraft av rekeskall – til deilig fiskesuppe

Kva emballasje skal ein fryse det i?

For å fryse ned kraft er det best å bruke små glas synest eg. Samle opp glas frå soltørka tomat, tomatpuré, pesto, sennep o.l. og bruk desse til oppbevaring. Perfekt storleik og lette å reingjere. Får du ikkje av merkelappen som sit på? La glaset ligge i vatn over natta så losnar det.

Når du skal fryse ned middagsrestar eller heile rettar anbefalar eg desse eldfaste formene med lokk som du klikkar på plass.  Då er forma heilt tett i frysaren, og du kan berre ta av lokket og setje forma rett i omnen. Du finn dei på IKEA og Clas Ohlson i allefall, sikkert fleire plassar òg. Eg har slike i ulike storleikar, og brukar dei både til å oppbevare matrestar i kjøleskapet og i frysaren.

Håper du blei inspirert til å fylle frysaren din og by på gode heimelaga middagar på travle dagar òg!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.