Vekemeny 34

Så var det endeleg tid for skulestart! I morgon brakar det laust dei fleste stadar, og vi har ein ekstra spent gut som skal starte i første klasse. Eller var det mora som var mest spent? Det går kanskje for det same. Uansett blir det meir logistikk i heimen framover, enn kva det har vore no i sommar. Då trengst det enkle og gode middagar innimellom lekser og aktivitetar. Under her finn du forslaget for denne veka. Håper du finn noko som fristar!

Vekemeny 34

Mandag

vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta

Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta

Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta er ein skikkeleg god pizza som gjerne går på repeat her! Salt fetaost, raud pesto med litt sting i og knasande pinjekjerner er… Fortsett å les »

Tysdag

digge kjøttbollar med potetmos

Digge kjøttbollar med potetmos

Digge kjøttbollar med potetmos er ein super middag å servere ein dag etter jobb og vanlege plikter. Middagen er på bordet på 30 min, kanskje endå raskare når du verkeleg… Fortsett å les »

Onsdag

krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon smakar godt og er fin på farge. Grønt er kult! Med sprøsteikt bacon på toppen og fløyte i suppa er dette luksusversjonen av grønsaksuppa. Krema,… Fortsett å les »

Torsdag

Kjapp kyllingwok med fennikel

2 kyllingfiletar 1ss soyasaus 1ss sweet chili saus 2 gulrøter 4 asparges 2-3 vårløk ½ raud paprika ½ fennikel Del kyllingen i bitar og legg den i ein brødpose saman… Fortsett å les »

Fredag

Pai med skinke og ruccola

Grov botn: 2dl kveitemjøl 2dl fullkornkveitemjøl 1dl varmt vatn 1dl solsikkeolje Bland saman og trykk ut i ei paiform. Kan gjerne forsteikast i ti min på 200 grader om du… Fortsett å les »

Laurdag

Kyllingpai

Kyllingpai med søtpotetbotn

  Pai er og blir ein favoritt hjå oss. Enkelt å lage og ingrediensane til å lage ein eller annan variant finnast som regel i kjøkkenskapa. Pai er typisk kveldskos… Fortsett å les »

Søndag

kvitvinsdampa blåskjell

Fiskesuppe med reker og blåskjell

Ein ting vi norske var rimeleg enige om at vi sakna i Asia var fisk og fiskemat. Eller for å vere meir korrekt; fisk laga på nordiske måtar. I Asia… Fortsett å les »

Noko godt

heimelaga musli

Havregryn-müsli

Havregryn-müsli er ein enkel müsli med gode frø og kjerner. Sunt kokosfeitt er blanda inn og gir god smak av kokos saman med kokosflaka. Denne oppskrifta gir omlag 3 liter… Fortsett å les »

Brødmat

brød

Grovt langpannebrød

Langpannebrødet med rug og havre blei fort ein favoritt her på bloggen, og spørsmåla om ein grovare variant kom både på facebook, instagram og snapchat. Det måtte sjølvsagt la seg… Fortsett å les »

Vekas kake

bakt ostekake med bringebær

Bakt ostekake

Bakt ostekake er nydeleg! Søt og crunchy botn med syrleg og deilig ostefyll. Den liknar litt på Key Lime Pie, og eg har difor falle for freistinga med å bytte… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.