Topp ti februar

Topp ti februar gir deg dei ti mest brukte oppskriftene på bloggen i månaden som gjekk. Kanskje har du same favorittar som på lista? Eller kanskje er det heilt andre oppskrifter som er din favoritt? Prøvde du noko nytt som funka eller ikkje funka må du gjerne dele med meg på Snapchat, Facebook eller Instagram. Det er sjølvsagt kvardagsmat som er namnet:)

Risbrød er favoritten av oppskriftene som blei delt, og det viser seg igjen at det er dei enkle oppskriftene som er suverent mest besøkt. Denne er så enkel at den knapt kan kallast ei oppskrift, men smakar nydeleg åkke som!

hjemmelagde risbrødPølse- og makaronigrateng er schlägeren frå heimkunnskap, eller skulekjøkken om du vil, som er ypperleg middag for familiar. Du kan tilsetje ost med meir smak, krydre meir, bruke ei meir spanande pølse eller halde det heilt enkelt slik kidsa helst vil ha det.

pølse og makaronigratengEnkel grøn smoothie er som tittelen seier: enkel grøn smoothie. Lett å lage og med ulike versjonar slik at du kan tilpasse til ditt kjøleskapsinnhald. Ein brun banan frå frysaren er likevel eit must spør du meg;)

Chocolate nemesis er mørk og mektig sjokoladekake. Treng ein seie noko meir enn det for å freiste? Ikkje til ein sjokoladeelskar i allefall!

chocolate nemesisHjortegryte er haust- og vintermat på sitt beste, og fint kjøt å ha i frysaren slik at du kan lage denne smakfulle gryta både til kvardag og fest.

hjortegryteSpeltbrød med rug smakar godt, og er heilt utan korn og frø. Slik mine born helst vil ha det servert med andre ord.
spelt og rug brødEasy peasy pasta er middagen du kan setje på bordet på ti minutt, og perfekt for dei dagane du ikkje har lyst til å bruke tid på kjøkkenet.
easy peasy pastaPasta med pesto, bacon og avokado er ei ny favoritt som også er laga på få minutt. Avokado i pastarett er aldeles glimrande!
pasta med pesto, bacon og avokadoBearnaisesaus steg for steg klatrar høgt opp på listene kvar laurdagskveld. Gøy at så mange vel å lage sausen frå botnen i staden for frå pose! Har du forsøkt?

biff bearnaise hasselbackpoteterOstekake med bringebær er kaka som ikkje treng steiketid i omnen og som kan lagast i god tid før selskapet går av stabelen. Perfekt når du skal ta med ei kake til festlege lag eller dei gongane du skal lage fleire ting på kjøkkenet samstundes. Og så er den frisk og god på smak -sjølvsagt!

ostekake med bringebær

Fann du noko som frista? Håper det!:)

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.