Vekemeny 45

Søndag 6. november, og det er berre to vekemenyar igjen før vi er i gong med adventstida. Vi har starta nedtellinga mot jul i heimen, og i skrivande stund er det 48 dagar igjen til jul! Det er to gutar i heimen som gler seg like mykje som born skal gle seg, og mor i huset har så smått byrja å gle seg til all den gode maten.

kähler butikken oslo kähler butikken oslo

Vi smakte årets første juleribbe denne veka, ein av bonusane ved å vere matbloggar er at ein må ligge litt i forkant for å få sendt inn bileter og oppskrifter før juletida set inn. Den var nydeleg god, og vi knaska sprø svor og var enige om at minst ei smaksprøve må til før julehøgtida set inn.

kähler butikken oslo Embla keramikk

Denne helga har eg vore i Oslo igjen (siste gong i år -eg lovar!) og hatt tid til å møte andre matbloggarar. Det har vore veldig kjekt, og det var stas å få vere med å sjå prisutdelinga i Mathallen der Trine stakk av med sigeren som Årets Matbloggar – i år som i 2014. Gratulerer!!!

Mia green bonanza

Trine Årets Matblogger 2016

Årets vinnarar i tillegg til Årets Matblogg er:

Årets nykommer: Aicha Bouhlou – www.aichasmat.no

Årets drikkeblogg: Jørn G. Broll – www.matogvinnett.no

Årets innovatør: Anders Husa – www.andershusa.com

Årets nisjeblogg: Vidar Bergum – www.etkjokken.com

Årets fotoblogg: Siv Gøril Olsen – www.sivbakerogsteiker.no

Årets bake- og dessertblogg: Kristine Ilstad – www.detsøteliv.no

Gratulerer til alle!!

img_0044

Vekemeny 45

Tilbake til vekemenyen vil du denne gongen finne mange gode smakar, på både rettar som krev litt lenger tid i omnen før dei er klare (men då kan du gjere andre ting) til helga og kjappe kvardagsrettar som er klare på få minutt.

Lagar du noko godt frå bloggen vil eg gjerne sjå på Instagram eller Snapchat:)

Ha ei fin-fin veke!

Mandag

melanzane alla parmigiana

Bakt aubergine i tomatsaus

I dag byr eg på deilig ovnsbakt aubergine lagvis i god spicytomatsaus, toppa med parmesanost. Ein variant av den populære italienske Melanzane alla parmigiana som anbefalast på det varmaste. Bakt… Fortsett å les »

Tysdag

asiatisk fiskeburger

Fiskeburger med smak av Asia

Fiskekaker er ein av mine favorittmåtar å ete fisk på. Det kan jo ikkje bli feil, du kan bruke nesten kva fisk som helst og det smakar digg. I denne… Fortsett å les »

Onsdag

suppe med linser

Linsesuppe med lam

Linsesuppe med lam stod på menyen her 2. påskedag, som siste middag før påskegjestane reiste heim og med siste rest av påskelammet i bruk. Har du restar av lam liggande… Fortsett å les »

Torsdag

laks soyasaus

Soyamarinert laks med regnbogesalat

Det er mogleg at eg har blitt inhabil når det gjeld soyasaus etter eitt år i soyasausens verdsdel. Men det passar jo nesten til alt! Salt og godt, og absolutt… Fortsett å les »

Fredag

tortilla kylling nuggets

Tortilla med kyllingnuggets

Tortilla med kyllingnuggets er crispi og godt, og kan varierast slik at alle rundt bordet får sin favoritt. Eit must for min del er avokadodressing, men du kan gjerne bruke… Fortsett å les »

Laurdag

Chiligryte

Dette er ein fin kvardagsrett som enkelt kan serverast etter jobb og skule. Om du får hjelp til å dele alt i terningar eller har gjort klart dette på førehand… Fortsett å les »

Søndag

lam

Braisert lammeskank med marokkansk curry

Braisert lammeskank høyres spanande og vanskeleg ut, men tyder berre at du skal brune kjøtet før du legg det i ei gryte med lokk og let det steike/koke vidare i… Fortsett å les »

Noko godt

Sjokoladekuler

Noko godt men likevel sunt? Utan sukker eller anna kunstig søting, berre naturleg sødme frå dadlane og herleg mørk sjokolade. Det beste er likevel at dette er enkelt å lage,… Fortsett å les »

Vekas brødmat

brød

Grovt langpannebrød

Langpannebrødet med rug og havre blei fort ein favoritt her på bloggen, og spørsmåla om ein grovare variant kom både på facebook, instagram og snapchat. Det måtte sjølvsagt la seg… Fortsett å les »

Vekas kake

bringebær gjærbakst

Bringebærkrans

Ein slik bringebærkrans har eg hatt lyst til å lage heilt sidan eg såg framsida til kokeboka «Slikkepott» første gongen. Det er berre det at kanel og sukker gjer mann… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!