Vekemeny 41

Hei søndag og hei haustferie 2016! Jobbing blir det likevel altså, men med ein skulegut i heimen blir det litt ekstra stas den veka det er ferie. Vi kryssar fingrane for at det knallfine haustveret held den komande veka også, og at vi får til litt ekstra utetid.

lidaveten ørsta

I skrivande stund har eg nett kome ned frå overnatting på eit lite fjell vi har her heime, og det gav verkeleg meirsmak. Genialt at det blir mørkt så tidleg eigentleg, det gir rom for meir søvn enn når ein søv i telt om sommaren og det er lyst heile natta….;)

natt i naturen

Vi fekk med oss både solnedgong, stjernenatt og soloppgong og var heime før klokka var ti søndag morgon. Verkeleg luksus, og eit av godene ved å bu midt mellom Sunnmørsalpane. Det burde vi bli flinkare til å utnytte!
Vil du sjå meir bilete finn du biletserie på mystory på snapchat: kvardagsmat. Følg meg gjerne for glimt frå kvardagen og frå kjøkkenet.

natt i naturen

No står det litt jobbings på planen før det blir fering av lillebror som var 30 år i går. Hurra! Kaka som du finn i denne vekas meny blei forøvring laga til storfeiringa hans tidlegare denne helga, rørt saman på under 30 minutt og veldig god!

Då står det berre att å ønskje deg ei fin veke, anten med eller utan ferie, med eit siste bilete frå i gårkveld:)

hjerte solnedgang

 

Mandag

vekemeny 14

Lasagne med grønsaker

Denne lasagnen har både tomatsaus og ostesaus, og eg kan nesten garantere at dei du serverar den til ikkje vil leggje merke til at den manglar kjøt i seg. Ein… Fortsett å les »

Tysdag

Mild fiskesuppe med torsk

Her får du ein ny variant av den populære mild fiskesuppe med laks. Smakfull og fin måte å få i familien fisk på. Prøv du óg:) Du treng 3 gulrøtter… Fortsett å les »

Onsdag

graskarsuppe

Enkel gresskarsuppe

Halloween nærmar seg, og det betyr enorme mengder graskar i butikkane. Og graskar kan du absolutt nytte til andre ting enn Halloween-lykt. Denne suppa er enkel å lage og har… Fortsett å les »

Torsdag

lasagne med laks og spinat

Lasagne med laks og spinat

Lasagne med laks og spinat er utan tomatsaus som i den vanlege lasagnen, men har lasagneplater og krema saus. Fyll godt på med spinat og ikkje ver redd for å… Fortsett å les »

Fredag

Heimelaga TACOKRYDDER

  Det finnast sikkert like mange ulike tacokrydder som det finnast matbloggar. Smak deg fram, alt er lov! Her er min versjon:) 3ts chilipulver 3ts chiliflak 3ts paprikapulver 2ss spisskummen… Fortsett å les »

Laurdag

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød passar like bra på ein kvardag som på ein klubbkveld med jentene. Fyll gjerne på med det du måtte like av grønsaker. Dess fleire næringsstoff og vitaminar… Fortsett å les »

Søndag

lam

Braisert lammeskank med marokkansk curry

Braisert lammeskank høyres spanande og vanskeleg ut, men tyder berre at du skal brune kjøtet før du legg det i ei gryte med lokk og let det steike/koke vidare i… Fortsett å les »

Noko godt

"bounty"

«Bounty» utan sukker

Desse små herligheitene, «Bounty»,  har gått ned på høgkant i det siste. Kokos har verkeleg vokse på meg det siste året, og eg diggar det. Kokosmjølk i smoothien, i kyllinggrytene… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Kvardagsbrød

Kvardagsbrød

Det er ikkje alltid vi har tid til å vente på eit eltefritt brød, men treng brød til kvelds. Då lagar vi denne versjonen, som gir tre kvardagsbrød, der to… Fortsett å les »

Vekas kake

ostekake med oreo og bringebær

Ostekake med Oreo og bringebær

Ostekake med Oreo og bringebær er ei enkel og smakfull kake som er rask å lage sidan den ikkje skal steikast. Kaka treng å stå litt i kjøleskap, men det… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.