Favorittar frå september

Dei mest populære oppskriftene frå månaden som gjekk er klare, og i dette innlegget får du samla det som fall best i smak hjå dykk kjekke kvardagsmat-lesarar. Rakk du å prøve nokre av dei nye rettane? Eller har du ein du har lyst til å prøve må du gjerne dele bilete med meg anten på Facebook, Instagram eller Snapchat:)

September kom og gjekk som ein vind her i heimen, der alt skulle startast opp igjen av aktivitetar og rutiner. Det er deilig å ha kome inn i vanene igjen, og vi kjenner alle at det går mykje lettare no enn første vekene.

Friske haustdagar med overraskande sommarinnslag innimellom, massevis av sopp i skogen og epler i lange baner. Det beste av alt hausten har å by på inneklemt i ein månad.

Og så mykje god mat då sjølvsagt! Her får du dei som var mest besøkt i månaden som gjekk.

Favorittar frå september

#oppskriftsutfordringen

I september starta Mia bak bloggen Green Bonanza opp utfordring for oss matbloggarar, og fekk enorm respons. Det er så kjekt å sjå kva andre kan lage og få inspirasjon frå andre norske matbloggarar!Den første utfordringa gjekk på å nytte beter, og mi oppskrift som blei med var kvit pizza med beter.

Nokre av dei eg blei inspirerte av og har lyst til å lage på kjøkkenet er desse under. Klikk gjerne inn og bli kjent med bloggaren bak oppskrifta!

Elin bak bloggen Kjøkkenmagi har laga wraps med beter i, så lekre fargar!

Wraps med biff og rød betesalatHåvard som har bloggen Entusiatisk mat laga pizza med beter og chévre. Ser så digg ut!

septemberutfordring_betepizzaSiv baker og steiker laga den flotte rødbetsalaten med ostekrem og rugsmular!

OLYMPUS DIGITAL CAMERAIna bak Mat på bordet frista med betechips, som har stått på må-lage-lista heilt sidan første bileta blei delte:

Betechips

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.