Vekemeny 32

Søndag betyr planlegging av ny veke, og denne gongen er det første kvardagsveke for vår familie. Ferien er over for denne gong, og det har vore deilige late morgenar og aktive dagar. Men du så fort det går!

Eg har berre kome halvvegs på to-do lista mi, men det får berre vere -ferie skal jo vere ferie og innehalde mest tid i lag og tid til kjekke ting. Er du ikkje enig?

Ein av dei tinga vi har fått sjekka av på lista er å fylle frysaren med blåbær. Ein liten kveldstur med tre store bærplukkarar og to små så var det prosjektet i boks, og frysaren er full av gode, sjølvplukka blåbær for ein lang vinter.

På samme tur fann vi mykje kantarell, og vel heime oppdaga vi at vi hadde både kantarell og tyttebær liggande i frysaren frå i fjor. Kjenner du til problemet? Det er liksom om å gjere å tyne og spare på det ein har plukka og så vips er det sesong igjen, og ein må plutseleg ete opp alt det gamle på få dagar…

Det blir mykje kantarell og tyttebær på menyen her i heimen dei neste dagane med andre ord;)

Ha ei strålande veke!

Følg gjerne bloggen på Instagram, Facebook og Snapchat: kvardagsmat!

Vekemeny 32

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Vekas brødmat:

Noko godt:

Vekas kake:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!