Vekemeny 28

Vekemeny 28 er klar og sjølv om kanskje mange er ute i ferie veit eg at vi er fleire som framleis har kvardag nokre dagar til før sommarferien 2016 står for tur. Juhuu!

Uansett om du har ferie eller ei trengst det mat både til liten og stor og menyen er inspirert av sommaren som er her, men her heime kan vêret fort slå om og difor er det også med ei varmande gryte på mandagen. Denne står du fritt til å flytte til den dagen det bøttar ned, og så kan du leite fram grillen og lage fiskepakke, hamburger, laks og pizza på den dei andre dagane!

Som “noko godt” finn du vannmelon-ispinne som er genial enkel å lage, og deilig smuldrepai som er ein av desse super-enkle sommardessertane du raskt kan diske opp med.

Har du ekstra tid no når det er ferie og lyst til å prøve deg på brødbaking med den eltefrie metoden? Sjekk ut oppskrifta på eltefritt speltbrød i gryte -så ser du kor enkelt det er og kanskje får du inn ei ny vane før kvardagen startar igjen?

Ha ei fin sommarveke og del gjerne med meg om du lagar noko godt på instagram eller snapchat: @kvardagsmat.

Vekemeny 28

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Vekas brødmat:

Noko godt:

Vekas kake:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!