Vekemeny 24

Vekemeny 24 er klar, om noko seinar enn vanleg her på bloggen. Denne veka har nemleg gått i eitt! Det har vore sommaravslutning både i barnehage og på skule, fotballcup og kakebaking i tillegg til alt det vanlege som skjer i løpet av ei heilt vanleg kvardagsveke.

Midt i veka mista eg telefonen min i golvet etter å ha skulle bært med meg mest mogleg frå sommaravslutninga opp trappa på ein gong. Du veit korleis det er… I det halve sekundet før eg såg skjermen sprekke opp i eit mønster av knust glas visste eg ikkje om eg skulle le eller grine. Dette passa himla dårleg denne fullpakka veka. Men å knuse telefonen passar vel kanskje aldri?

Det gjeld å ha kjekke folk rundt seg, og innan eit døgn var telefonen i vanleg drift igjen og matbloggaren kunne delta på sosiale medier som før!

Sidan veka har vore eit maraton passa det utruleg bra å avslutte med yogaworkshop frå fredag til søndag. No er kroppen støl i musklar eg ikkje visste at eg hadde og hovudet tømt og klar for ein ny, fin sommarveke! Det håpar eg du er også -og her er menyforslaget frå meg.

Og du følg meg gjerne på Instagram, Facebook og Snapchat: kvardagsmat!

Vekemeny 24

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Vekas brødmat:

Noko godt:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!