Vekemeny 23

God søndag til deg og hei frå Stavanger! Kidsa og eg har reist frå Sunnmøre for å oppleve korleis det er for far i huset å pendle hit på jobb, og har hatt ei fin helg her i sør i lag.

Det var nok hakket meir stas for dei å flyge enn for han som gjer det så ofte, og i tillegg var det første flytur sidan vi kom heim frå Malaysia i fjor sommar. Litt kjekkare å flyge 1 time i gongen i staden for 12, og bekymringsfritt å reise åleine med dei no når dei har blitt sjølvstendige 5 og 7 åringar:)

Straks er vi klare for å finne vegen tilbake til flyplassen og suse heim til bygda vår, for siste innspurt med kvardagar før det er skuleferie og mindre rutineprega dagar.

Eg håper du også  har hatt ei fin helg og er klar for å planleggje den komande veka slik at middagslaginga blir noko å gle seg til kvar dag.

Følg gjerne kvardagsmat på Instragram, Snapchat og Facebook!

Vekemeny 23

Mandag:

Tysdag:

Onsdag:

Torsdag:

Fredag:

Laurdag:

Søndag:

Vekas brødmat:

Noko godt:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!